«Torborg og Mildrid» får filmstøtte

Mildrid Hartveit fotografert på aldersheimen i oktober 2012.

Mildrid Hartveit fotografert på aldersheimen i oktober 2012.

«Torborg og Mildrid», dokumentarfilmen om to eldre damer på Varaldsøy som nekta å flytta då kommunestyret i 2012 vedtok å leggja ned aldersheimen, får 440.000 i støtte frå Norsk Filminstitutt.

Torborg Skjelnes (95) og Mildrid Hartveit (86) har budd på aldersheimen på Varaldsøy i rundt 10 år. Då kommunestyret vedtok å leggja han ned nekta dei to damene å flytta, og blei buande igjen der åleine.

– «Torborg og Mildrid» er ein film om retten til å velja i godt vaksen alder, og framfor alt ei historie om livsmot og livslyst, skriv Norsk Filminstitutt i omtalen av filmen, som Fenris Film arbeider med no om dagen.
Regissørar er Aslaug Holm, som blant anna var klippar og fotograf på suksessen «Heftig og begeistret» (2001) og Olaug Spissøy Kyvik frå Stord.

Planen er at filmen skal vera ferdig i mai neste år, men han skal ikkje visast på kinoar. Produksjonskostnadene er rekna til vel 1,5 millionar kroner.

OrdKristian Husfilm, kultur