– Vi må bu lengst mogleg heime!
– Husnes Vekst er glade for det kommunale initiativet med tanke på bygging av bufellesskap og omsorgsbustader i Kvinnherad. Slik vi oppfattar utspelet, er dette ein lekk i kommunen si målsetjing om å medverka til at eldre menneske i større grad skal kunna bu lengst mogleg i eigen heim, seier styreleiar Kent Are Kjørsvik Petterson.
Han håpar slike prosjekt i neste omgang vil føra til redusert press på institusjonsplassar i kommunen. Det er heilt nødvendig når ein tenkjer på at folk blir eldre og eldre, og at kommunen ikkje vil få økonomi til å byggja ut i takt med etterspurnaden, seier Kjørsvik Petterson.
Han viser til eit informasjonsmøte som Eldrerådet og kommunen arrangerte i haust, kor det vart opplyst at Husnes har rikeleg med regulert tomteland som høver for ulike former for omsorgsbustader og bufellesskap, både i privat og kommunal regi.
Privat utbyggjing
Men slik Husnes Vekst vurderer den kommunale økonomien og utfordringane på andre område i åra framover, fryktar dei at det kan gå mange år før slike prosjekt kan bli realisert i kommunal regi. Dermed vil mykje måtta skje på privat initiativ, seier styreleiaren.
Dette inneber at folk som ønskjer å bu meir lettvint og sentralt i alderdommen, sjølve må engasjera seg – i dag. I tillegg må utbyggjarar med sentrumsnære tomter koma på banen med sine prosjekt og synleggjera desse overfor potensielle interessentar.
Kommunen må òg kunna avhenda kommunal grunn til private utbyggjarar, utan å setja for strenge vilkår, meiner Kjørsvik Petterson.
Mindre hjelp i framtida
Frå kommunalt hald er det tidlegare blitt sagt at dei som i dag er yrkesaktive, ikkje kan rekna med same tilboda når dei sjølve blir eldre og kanskje treng hjelp frå det offentlege, som det kommunen gjev i dag. I dette ligg at dei som no nærmar seg pensjonsalderen i større grad må tenkja på si eiga buform i alderdommen enn det vi tradisjonelt er vane med, påpeikar Kjørsvik Petterson.
Husnes Vekst vil gjerne medverka til at det blir meir fart i byggjinga av bufellesskap og omsorgsbustader på Husnes, og vil oppmoda private utbyggjarar om å ta initiativ. Dersom det er interesse for det, vil vi òg kunna stå til teneste for å få kartlagt interessa hjå pensjonistar som tenkjer på nye buformer, avsluttar styreleiar Kent Are Kjørsvik.