Per i Dosi i senioruniversitetet

Ord
Forteljinga tar utgangspunkt i Jens Tvedt sine romanar Vanheppa og Brite-Per.

Forteljinga tar utgangspunkt i Jens Tvedt sine romanar Vanheppa og Brite-Per.

Torsdag 11. desember vitjar Johanne Øvstebø Tvedten senioruniversitetet i Kvinnherad med forteljeframføringa Per i Dosi. Forteljinga tar utgangspunkt i Jens Tvedt sine romanar Vanheppa og Brite-Per.

Per i Dosi er odelsgut og vaksen og vel så det, men kva hjelper det når mora, gamle Durdei i Dosi, ikkje vil gje frå seg jorda? Ho er gjerrig og gniten og vil ha alt på gamlemåten. Skiten veks dei ned over hovudet, og det er skjelling og ufred i huset støtt. Kva jente vil vel flytte til Dosi med slik ei svigermor rundt seg? For ikkje å snakke om søstera, den illsinte Ilio!

Ikkje er Per den snaraste i venda heller, når det gjeld å fri til dei ledige jentene i bygda. Åra går, den eine jenta etter den andre glipp i frå han. Då er det Madli und' Apalen kjem og hjelper han på veg.

Dei to romanane er skrivne i høvesvis 1891 og 1895, og blir rekna som naturalistiske heimstadskildringar. Arne Garborg var mellom forfattarar som framheva dei litterære kvalitetane ved Jens Tvedt sine verk. Bøkene hans var meir enn berre heimstaddikting, for det levande språket og detaljskildringane gjorde litteraturen hans realistisk og skarp.

Johanne Øvstbø Tvedten har fortetta forteljinga i bøkene til knappe timen, og tek i bruk så mykje av dei gamle uttrykksmåtane som eit moderne publikum kan forstå. Ho er allmennlærar med hovudfag i drama og teater, og har undervist i både barneskulen, folkehøgskulen, kulturskulen og høgskulen. Dei siste 11 åra har ho vore tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland museum, og har skrive og framført ei rekkje med forteljeforestillingar basert på eldre, lokal litteratur.

Vi ønskjer velkommen til ei god førjulsoppleving i kulturhuset på Husnes.

Kvinnherad Senioruniversitet
Grethe Brundtland, leiar

Forrige
Forrige

– Vi må bu lengst mogleg heime!

Neste
Neste

Om dongeribukser