– Ikkje set bygdene opp mot kvarandre!

Ord
– Me må jobba saman for å få gode møteplassar i alle bygder, på tvers av alle grender og idrettslag, skriv Trio-leiar Arne Torget.

– Me må jobba saman for å få gode møteplassar i alle bygder, på tvers av alle grender og idrettslag, skriv Trio-leiar Arne Torget.

Kvinnherad kommune sitt slagord er; «Fellesskap og trivsel – utvikling og vekst». Me må jobba saman for å få gode møteplassar i alle bygder, på tvers av alle grender og idrettslag. Skapa aktivitetar saman og jobba saman om nærmiljøanlegg.

Bygdene må ikkje setjast opp mot einannan. Det er ikkje god strukturendring å flytta elevar til skular, som sikkert har plass te ein te. Det me treng for undommane våre, er gode møteplassar og idrettsanlegg i heile Kvinnherad. I alle bygder.

Ikkje berre idretten, det er mange som sit åleine og gjerne kunne tenkt seg å gjere ein liten innsats, som ventar på telefonen dei aldri får. Dei som har lyst til å gjera litt for bygda si, idrettslaget sitt. Skulane våre står der, dei har tent oss vel. Dei står der me bur.

Eg bur på Husnes. Eg krev ikkje ein ny skule. Det er ingen eg kjenner som vil leggja ned skular for å flytta dei til Husnes, der 600 elevar deler ein gymsal. Det me treng i Kvinnherad er ei satsing på idrettsanlegg og møteplassar for alle i alle aldrar. I alle bygder.

Syn oss den nye skulen som alle foreldre frå Herøysund til Utåker vil ha, Kvinnherad! Kanskje ein dag. Men no treng bygdene og idrettslaga fred til å jobba saman. For å jobba saman for dei som kjem etter oss.

Og for guds skuld, ikkje tenk tanken på å leggja ned bassenget på Øyatun. Som ein ven av meg, som er symjetrenar sa; «Den einaste sporten du må kunna for å overleva er symjing»!

Alle våre tre barn har fått symjeopplæring i Trio. Det gjer meg trygg å vita at dei kan symja. For å bli ein kommune der me oppfyller orda; «Fellesskap og utvikling, trivsel og vekst».

Me må handla lokalt og jobba saman.

For eigen rekning

Arne Torget
05.12.14.

Forrige
Forrige

Nominert til «Årets bokhandel»

Neste
Neste

Vinterstemning på Sunde