Nominert til «Årets bokhandel»

Ord
Bente Soldal.

Bente Soldal.

Rosendal bokhandel ved innehavar Bente Soldal er ein av tre butikkar som er nominert til å bli «Årets bokhandel 2014».

Det er Den norske forfatterforening som står bak kåringa. Dei to andre nominerte er Haugesund Libris og Eldorado i Oslo.

– Dei tre kandidatane har alle utmerka seg som gode representantar for den allsidige, kulturbevisste bokhandelen, skriv forfatterforeningen på nettsida si.

Vinnaren blir offentleggjort i slutten av januar. Forleggjarforeningen har også tidlegare framheva bokhandelen i Rosendal.

Forrige
Forrige

Hårprakt

Neste
Neste

– Ikkje set bygdene opp mot kvarandre!