Hårprakt

I det siste har det dukka opp ein ny mote som ikkje kan forbigåast i det stille. Fleire og fleire unggutar kjem med ein hårsveis der dei klipper seg snaue frå halsen og til langt over øyrene, for så å dyrka ei fyldig og fin såte på toppen.

Dei kan då ikkje demonstrativt gå rundt slik, og halda oss godt vaksne herrar for narr. Her har me i alle år teke vare på hårprakten vår på ymse vis. Alt frå brylkrem-styling i ungdommen, til gelé i litt vaksnare alder. Etter kvart må me med ei viss vemod vedgå at det blir mindre og mindre å styla, særleg til lengre ein kjem opp mot toppen.

For å feia noko av komplekset vårt tilside, så har me sagt at me veks gjennom håret.

No går desse jyplingane rundt og hoverer over oss som ikkje har ein sjanse til å kopiera dette nymotens påfunnet. Men i grunnen tek eg det heile med stoisk ro. Før eller seinare vil også dei møta livets harde realitetar, og gå rundt med det som ein gong blei kalla Netcom-sveis. Altså berre delvis dekning!

Lars Jostein Rørvik
05.12.14

Forrige
Forrige

– Kjøp Mozartkuler heime!

Neste
Neste

Nominert til «Årets bokhandel»