Testar fritt fall-livbåt

(Foto: Kristian Hus)

(Foto: Kristian Hus)

Hjå livbåtprodusenten Harding på Seimsfoss føregår det denne veka testing av nye fritt fall-båtar. Selskapet seier til Kvinnheringen at dei av konkurranseomsyn ikkje vil fortelja noko detaljert om prøvane, ei heller kor høgt livbåten er blitt sleppt ut frå.

Harding har tidlegare sett verdsrekord med frittfall-livbåtane sine, til dømes med den største av dei alle, FF1200 i 2013. Då blei livbåten sleppt frå 65,1 meters høgde utan at han blei påført skadar, ifølgje avisa.