Løe-kunst eller kunst-løe?
Ein løevegg er ikkje slik han ein gong var! Det slo oss då vi passerte garden til Audun Hvidevoll på Halsnøy her om dagen. Kunstnaren John Cunningham har fått frie tøylar, eller malarkostar, og laga dette dekorative og flotte maleriet.
Så spørst det då, skal vi sjå på det som løekunst eller ei kunstløe?