NM i jakt med bandhund neste år

Ord
Jakt med bandhund – den lydlause jakta. (Foto: Atle Helland)

Jakt med bandhund – den lydlause jakta. (Foto: Atle Helland)

I august neste år finn eit Noregsmeisterskap stad i Kvinnherad, med Uskedalen som base. Det er eit resultat av mange års PR-innsats og nok eit prov på at det lukkast viss ein berre vil.

NM i bandhund blir eit høgdepunkt for mange som jaktar. Men kva er det eigentleg, samanlikna med bruk av laushund, som vi austlendingar kjenner best?

Vi overlet spørsmålet til eldsjelene Atle Helland og Anita Lie på Valen:

– Ved laushundjakt slepp ein hunden og let han søkja etter elg i terrenget. Når hunden finn dyret, skal han losa (bjeffa), slik at jegeren går ubemeka inn og skyt.

Ved bandhundjakt går jegeren med hunden i band heile tida. Ved hjelp av dei skarpe sansane sine skal han hjelpa jegeren ubemerka inn på elgen eller hjorten.

Bandhund vs. sporhund

Ei vanleg misforståing er at bandhund er identisk med sporhund. Ein bandhund må sjølvsagt kunna spora, men ikkje slavisk, som til dømes ein dachshund. Då kjem jegeren sjeldan til skotsjanse.

Ein bandhund går framfor alt på overvær. Det er mest effektivt under praktisk jakt.

Jakt med bandhund blir òg kalla den lydlause jakta fordi det skjer med minimale fostyrrelsar for anna liv i skogen. Samstundes kan denne jakta gjennomførast i område med mykje rovdyr og mykje bufe.

 

Av Ola Matti Mathisen

uskedalen.no

Forrige
Forrige

Halsnøybilete på utstilling i Frankrike

Neste
Neste

Løe-kunst eller kunst-løe?