Lesekonkurranse for vaksne

Ord
Lesedytt er ein uhøgtidleg lesekonkurranse for vaksne i Kvinnherad.

Lesedytt er ein uhøgtidleg lesekonkurranse for vaksne i Kvinnherad.

Kvinnherad bibliotek vil ha vaksne med i ein lesekonkurranse og utfordrar no kundane sine til å lesa fem bøker innan 10. april.

Lesedytt er ein uhøgtidleg lesekonkurranse for vaksne i Kvinnherad. Du kan enten lesa fem bøker innan 10. april åleine eller danna eit lag på maksimum seks personar som skal lesa minst 10 bøker til saman.

– Bli eit lesande førebilete for barna våre, er oppmodinga frå biblioteket.

Håpet er at ein kan appellera til ulike arbeidsplassar om å konkurrera internt, t. d. mellom ulike avdelingar. Eller eit lag kan utfordra ein liknande arbeidsplass.

– Vi ser for oss ivrige lesarar t. d. på lærarrom, i avisredaksjonar og på rådhuset, heiter det i ei pressemelding frå biblioteket.

Deltakarane kan lesa både skjønnlitteratur og sakprosa, men kommunale sakspapir tel dessverre ikkje med, melder dei ved biblioteket.

Det er oppretta ei Facebook-side, facebook.com/lesedytt, der ein til dømes kan dela leseopplevingar, koma med lesetips, eller  koma med avskrekkande meldingar til konkurrerande lag.

Påmeldingsskjema, der du skriv ned bøkene du les, og gjerne ein liten kommentar, får du på biblioteket. Ein gong etter innleveringsfristen 10. april vil biblioteket arrangera ein bokfest med premieutdeling.

Det er premiar til laget med det beste namnet og til dei som les flest titlar. Alle som leverer inn får ein diplom.

Forrige
Forrige

«Nina» øydela historisk sjøhus

Neste
Neste

Framtidshuset