«Nina» øydela historisk sjøhus

Trist syn i Uskedalen.

Trist syn i Uskedalen.

Uskedalen har ikkje så mange hus som kan kallast historiske. Difor er det dobbelt tragisk at stormen «Nina» omskapte dette sjøhuset til ein pinnevedhaug.

Biletet nederst vart teke i haust, i ferdigrestaurert stand. Huset var eit sjeldent minne om rikt fiske for meir enn 100 år sidan.

Biletet øverst viser synet som møtte uskedelingane då det vart lyst søndag morgon.
 
Av Ola Matti Mathisen (tekst og foto) og Kjell Yri (foto)
uskedalen.no