Kvinnheradløpet for 34. gong

Ord

Ut på tur – i vakker natur. (Pressefoto).

Det første Kvinnheradløpet vart skipa til i 1982 med 196 deltakarar. Seinare har løpet kvart einaste år vore skipa til første søndagen i oktober. Søndag 4. oktober blir løpet arrangert for 34. gong.

Løypa er no blitt 5,8 kilometer lang. Start og mål er som før på Rosendal stadion, men deltakarane går ikkje opp Svartedalen og til Skeie som tidlegare, men i fint terreng i Rosendalsområdet.

– Ut på tur – i vakker natur, seier Morten Nygård i arrangørgruppa. Han peikar på at føremålet med Kvinnheradløpet i alle år har vore å få folk flest, uansett form og alder, ut på tur i vakker natur.

Hovudfokuset har vore sett på dei gåande, dei som nyt turen utan tidtaking og som gjerne stoppar opp i løypa for å prata med kjende og ukjende. Men det er sjølvsagt òg ein konkurranseklasse med tidtaking for dei som vil konkurrera med seg sjølve eller naboen, seier Nygård.

I fjor deltok totalt 49 deltakarar i konkurranseklassane. I herreklassen vann Erlend Nymark Jensen føre Ronny Nordal, begge frå IL Trio, medan Veslemøy Haugland frå Uskedal IL var kjappast i dameklassen.

Kvinnheradløpet høver for alle uansett form og alder, og det er ingen problem med å ta seg fram med barnevogn. Deltakarane får gratis drikke når dei kjem i mål, og alle som fullfører er med i trekkinga av gåvekort.

Rosendal Turnlag og Kvinnheringen er arrangørar av løpet.

(Pressemelding)

Forrige
Forrige

Sjøsette «smykke» på Sunde

Neste
Neste

«If you need me»