Fin elgjakt i Trysil

Ord
Jegrane har hatt ei fin veke på fjellet i Trysil, men fredag kom det litt snø. Anita Lie og Ruben Medhus på veg ut i terrenget.

Jegrane har hatt ei fin veke på fjellet i Trysil, men fredag kom det litt snø. Anita Lie og Ruben Medhus på veg ut i terrenget.

Eit jaktlag på sju personar frå Kvinnherad, deriblant Atle Helland frå Valen, har i ei vekes tid vore på elgjakt i Ljørdalen i Trysil. Jegrane har hatt flotte dagar med sol og fint vêr det meste av tida. Men i dag (fredag) kom det nokre centimeter med snø, som dekka dei fine haustfargane. 

– Vi manglar eit par dyr på kvoten vår, så det spørst om ikkje nokon frå jaktlaget må opp att ei langhelg seinare i haust, fortel Atle Helland til Skimtvis.

Ei anna side av elgjakta opplevde Ørjan Almelans Sjo. Medan han sat på posten sin ein av dagane kom ein bjørn ruslande. Sjo hadde dyret på berre 25 – 30 meters avstand, men då han kremta stakk bamsen sin veg – utan at jegeren rakk å ta bilete av han.

(Alle foto: Atle Helland)

Kjell Ove Medhus med hunden Ella.

Forrige
Forrige

Årbok nr 17 frå sogelaget

Neste
Neste

Medisinering