Tar dagane som dei kjem

Ragna Hjelmeland er ein av tolv som er med i boka «Godt vaksen». (Foto: Kristen Børje Hus)

Ragna Hjelmeland frå Skorpo tar dagane som dei kjem no, og går ikkje rundt og tenkjer på at livet ein gong tar slutt. Det kan vi ikkje gjera noko med likevel, seier ho i boka «Godt vaksen». Einaste den snart 91-årige kvinna stundom filosoferer litt over, og innerst inne ønskjer, er at ho må sleppa smerte og ikkje ha det vondt når hennar siste time ein gong kjem. Bortsett frå det, får det gå som det går. 

Kristian Hus intervjua Ragna i den kommunale leiligheten hennar i Rosendal, der ho har budd dei siste fire åra. Ho flytte frå Ognhaug i Omvikdalen, eit lite gardsbruk med fin utsikt til fjella på begge sider av dalen og innover Hardangerfjorden. I over 60 år budde dei saman her, ho og mannen, Anton. Han var anleggsarbeidar i Sunnhordland Kraftlag og dreiv også som bygningssnikkar attåt gardsarbeidet. Før han vart pensjonist arbeidde han ved Hellesøy Skipsbyggeri på Løfallstrand.

Anton døydde i 2004, 84 år gammal. Seinare har Ragna gjort som mange andre eldre gjer i dag; ho har flytta til ein mindre og meir sentral bustad. Her vil det venteleg vera lett å få hjelp frå den kommunale heimesjukepleien og andre når behovet ein gong melder seg. Ho bur sentrumsnært og kjøper mat og anna i butikkane på Skåla.

Skorpo

I boka «Godt vaksen» tar Ragna lesarane med tilbake til barndommens dal, eller rettare sagt til øya der ho vart fødd og voks opp; Skorpo utanfor Uskedalen. Den dag i dag har ho gode minne derifrå, men også dramatiske hendingar frå siste verdskrigen hugsar ho godt.

Far til Ragna, Oscar, var gardbrukar og såkalla proprietær, den gamle nemninga for ein som eigde mykje jord, men ordet blei sjeldan brukt i daglegtale, etter det Ragna kan hugsa.

Michael H. (1797 – 1873) var den første med namnet Langballe som etablerte seg på Skorpo, i 1835. Seinare gjekk eigedomen i arv frå far til son fram til 1920, då tre av bruka blei selde. Familien var av dansk opphav og som så mange andre blant tidlegare tiders danske innvandrarar, vart dei rekna til overklassen. Talemålet til foreldra var riksmål, noko Ragna og søskena òg måtte læra seg. Men i skulen var det nynorsk som galdt.

Ungane hadde ein god oppvekst på Skorpo, fortel Ragna i boka. Men dei måtte tidleg læra seg å arbeida, likevel utan alt for mange daglege plikter. Dei følgde med på det som foreldrene føretok seg og hjelpte til etter beste evne. Om kveldane kunne dei sitja å høyra på mora som las høgt for dei i lyset frå parafinlampen. Elektrisitet fekk dei først på slutten av 1950-talet.

Fritid og ferie var det lite snakk om, og til Uskedalen på andre sida av fjorden drog dei sjeldan, bortsett frå nødvendige turar til butikken på fastlandet. Då var det å setja seg til årane og ro. Derimot hugsar Ragna enno godt at ho fekk vera med til Stord eit par gonger, ja, endåtil like til Bergen. Det var stas for ei ung jente, minnest ho. Både HSD-båten «Haugland» og den privatdrivne «Lønningdal» hadde rute til Skorpo. På det viset fekk bøndene òg levert frukta si om hausten.

Dramatikk på Skorpo

I 1939 gjekk Ragna og las for presten, på same tid som ho var barnejente hjå ein familie i Herøysund. Ho gjekk til Uskedalen kvar gong under heile konfirmantførebuinga. Ingen stod klar med bil den gongen!

Under krigsutbrotet i april og eit stykke ut i mai 1940, var det dramatiske dagar og netter på Skorpo, slik Ragna enno hugsar det. Ho var knappe 16 år den gongen og minnest ei nifs tid, og kor redde dei var då tyskarar med skarpladde gevær og andre skytevåpen inntok øya. Før fienden kom hadde norske soldatar vore nøytralitetsvakt der og passa på telefonlina og kabelhusa. Øya hadde stor strategisk betydning på grunn av telefonlina mellom øya og fastlandet på begge sider.

Ragna har vore med i Omvikdalen bygdekvinnelag sidan 1952, og deltek enno på møta i laget. Handarbeid, og spesielt Hardangersaum høyrer til hobbyane hennar.

Du kan lesa meir om boka her 

Hardangersaum har vore ein av hobbyane til Ragna Hjelmeland. (Foto: Kristen Børje Hus).