Stordabuen rydda på Hidle

Ord
Resultatet av strandryddinga på Hidle: Dekk og isopor og sekkevis av søppel.

Resultatet av strandryddinga på Hidle: Dekk og isopor og sekkevis av søppel.

Ein arbeidslysten dugnadsgjeng frå Rommetveit Båtlag og ordførar Liv Kari Eskeland i Stord møtte i båthamna i Sævarhagsvikjo laurdag morgon for å ta eit tak og to på strandryddedagen.

Med båtar drog arbeidslaget til Hidle, nett over grensa til Kvinnherad kommune. Denne utfartsperla av ei øy er eit område som Friluftsrådet Vest har teke på seg å halda ryddig, men rådet er avhengig av samarbeid med dugnadsgjengar/frivillige for å få midlane til å strekka til så langt som mulig.
«Fangsten» etter nokre timars innsats i strandsona var urovekkjande stor. Det vart funne tauverk og plast og mengder med «skytestreng» (i plast). Søppel nok til 15 sekker, samt eit dekk og store flak isopor.

– Vi oppmodar alle som likar å ferdast ved sjøen og i strandsona til å rydda ei strand, seier ordførar og friluftsambassadør Eskeland til stordnytt.no. Ho peikar på at det sparar miljø og dyreliv for skadeleg plast, og gjer det mykje hyggelegare å opphalda seg i sjøkanten.

Dessutan hindrar ei rein kystline småbåthavari skapt av tauverk kring i propellen.

Det er grunn til oppmoda alle kvinnheringar i båt om å følgja opp initiativet frå folk på Stord!

(www.stordnytt.no)

Forrige
Forrige

Bok om eldre i Kvinnherad

Neste
Neste

Fredsmarkeringar i Kvinnherad 8. mai