Historisk vandrerute over Folgefonna

Ord

Den over 120 år gamle ridevegen over Folgefonna er blitt historisk vandrerute – som ein av sju i Noreg. Laurdag 4. juli var det ei verdig markering på parkeringsplassen på Bondhus i Mauranger.

Eit femtitals personar hadde møtt fram for å ta del i markeringa. Bygda og Bondhusdalen viste seg frå si flottaste side i det fine sommarvêret. Talar og gode ord om både vegen og det vakre landskapet vart framført av blant andre ordførar i Odda,  John Opdal og styreleiar i Den Norske Turistforening (DNT), Berit Kjøll. 

Leiar i Kvinnherad Turlag, Anne Kari Enes saman med Emil Gausvik hang opp vegvisarskiltet. Styreleiar i DNT, Berit Kjøll følgjer begeistra med på monteringa.

Grunneigar Trygve Fredheim fortalde litt om historien bak vegen og restaureringsarbeidet han var ansvarleg for i 2007. Blant gjestene var òg representantar frå Riksantikvaren, Fylkesmannen i Hordaland, Kvinnherad kommune, og turlaga sentralt og lokalt.

Ein veg må skiltast

Nytt skilt kom på plass med hjelp frå unge Emil Gausvik. Tipp-tipp oldefar hans, handelsmann og hotelleigar Erik Gausvik, gjorde ein stor innsats i 1890 for å få både ridevegen og Breidablikkhytta bygd. Han trudde nok ikkje den gong på at eit av livsverka hans 125 år seinare framleis skulle bli ei av Noregs mest kjende vandreruter. 

Den «nye» turistvegen over Folgefonna, Historiske vandreruter, er eit samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvaren, DNT sentralt og lokalt. I Friluftslivets år 2015 vert sju historiske ruter opna, og mellom desse er «Turistvegen over Folgefonna».

Vegen var bygd på slutten av 1800-talet av lokale bønder, og skulle vere turistrute frå Sundal til Odda med sledefart over Folgefonna. Takka vere Trygve Fredheim fekk vegen ei etterlengta opprusting i 2007. Historisk verdi, kulturelle verdiar og svært flott utført anleggsarbeid på vegen i eit krevjande og flott landskap, er nokre kriteriar vegen over fonna har, som gjer at han er valt ut.

Grunneigarar og riksantikvaren er blitt samde om at vegen heretter skal heita «Turistvegen over Folgefonna», medan det litt omdiskuterte namnet Keisarstien, går ut.

Vegen er i god stand på nesten heile strekninga til Odda, men kvart år gjer store snømengder og ras skade på vegen både i Tokheimslia i Odda og oppe i Hidlarslio. Etter historisk vern vert det no truleg lettare å finansiera vedlikehald. Allereie i august kjem sherpaer frå Nepal og skal restaurera vegen i området nedanfor Breidablikk.

Markeringa laurdag 4. juli vart avslutta med fjellfest-tur til Fonnabu og guida tur i Bondhusdalen. 

Av Eva Sundal (tekst og foto)
www.mauranger.no

Både prominente gjester og andre interesserte møtte opp for å markere opninga av den ny-gamle turistvegen.

Både prominente gjester og andre interesserte møtte opp for å markere opninga av den ny-gamle turistvegen.

Forrige
Forrige

Is på vatna i fjellet

Neste
Neste

Musikk eller nyhende?