Is på vatna i fjellet

Frå Botnavatnet. (Foto: Eva Sundal)

Laurdag 4. juli vart den «nye» turistvegen frå Mauranger til Odda offisielt opna. Den over 120 år gamle ridevegen over Folgefonna er blitt historisk vandrerute – som ein av sju i Noreg. Vegen var bygd på slutten av 1800-talet av lokale bønder, og skulle vera turistrute frå Sundal med sledefart over Folgefonna.

I dag, fredag 10. juli, har Eva Sundal gått delar av vegen. Desse to bileta er frå turen hennar. Det eine viser Botnavatnet, som ein passerer på vegen over fonna. På grunn av den seine sommaren i fjellet, ligg det enno is på vatnet. Der er òg uvanleg mykje snøfonner, rapporterer Sundal til Skimtvis.net.

Frå Gardshammar. (Foto: Eva Sundal)