Marknadsføring ved riksgrensa

Ord

Redaktør Ola Matti Mathisen i uskedalen.no er for tida på reise til heimelege trakter på Finnskogen. Også den ferierande kultursjefen i Kvinnherad, Kristian Olav Bringedal og fleire andre, er med i reisefølgjet. På turen har dei naturleg nok drive ei intens marknadsføring for den komande storhendinga i Uskedalen seinare i sommar, Festidalen.

Kristian Bringedal med Festidalen-plakat på riksgrensa mellom Norge og Sverige.

Kristian Bringedal med Festidalen-plakat på riksgrensa mellom Norge og Sverige.

Festidalen er marknadsført på mange område, og plakatane med Bjørgulv Eik som blikkfang vert verkeleg lagt merke til – og godt mottekne.

Under dei tradisjonsrike Finnskogdagane i helga, var det svært mykje folk i området. Difor måtte uskedalsdelegasjonen over grensa til Sverige for å få innlosjering. Dermed kryssa dei òg riksgrensa mange gonger og på mange ulike stader. Til og med ein grusveg med namn Smuglarvegen har dei brukt.

Ved kvar kryssing av riksgrensa har dei hengt opp Festidalen-plakatar der Bjørgulv Eik står sentralt. På Finnskog-dagane var han på plass, og på ein restaurant i den svenske byen Torsby heng plakaten med han no mellom svært mange kjente artistar.  

Alle stader vert plakaten lagt merke til, og mange tar kontakt med delegasjonen som heng dei opp, heiter det i rapportane frå området ved riksgrensa.

Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no

Forrige
Forrige

Gjekk frå Mauranger til Halsnøy

Neste
Neste

Is på vatna i fjellet