Bøgardar – viktige kulturminne

Ord
Bømuren fortel ei historie om ukueleg pågangsmot og slit gjennom mange generasjonar.

Bømuren fortel ei historie om ukueleg pågangsmot og slit gjennom mange generasjonar.

Dei gamle steingardane rundt om på landsbygda representerer ofte ei mange hundreår gammal historie. Dei fortel ei historie om ukueleg pågangsmot og slit gjennom generasjonar, der føremålet var å brødfø ein familie etter beste evne.

Nokre steingardar vart bygde alt då garden frå først av blei rydja, og for denne på Sydnes sitt vedkomande kan det ha vore i bronsealderen. Dei mange gravrøysene i området frå denne tidsperioden kan tyda på det, for i bronsealdren vart folk bufaste. Dei rydja seg gardar og dyrka jorda, og byrja å halda husdyr. Truleg kom denne endringa etter ei innvandring av folk frå lenger sør i Europa.

Det ligg utruleg mykje arbeid bak ein slik bømur, i hovudsak bygd med handamakt.

Det ligg utruleg mykje arbeid bak ein slik bømur, i hovudsak bygd med handamakt.

Bøgarden på Sydnes markerte skiljet mellom innmark (dyrka mark) og utmark. I sommarhalvåret gjekk dyra for det meste på beite i utmarka, medan graset voks i fred på innbøen. Slik har tradisjonen vore i hundreåra framover heilt fram til vår tid.

Vart mjølka på stølen

Kyrne vart mjølka kvar dag også når dei gjekk i utmarka. Det føregjekk på stølen, og som oftast var det staden rett utanfor grinda i bømuren. Kyrne lærte fort å koma til denne staden ein gong om dagen, oftast noko ut på ettermiddagen eller tidleg kveld for å bli mjølka.

«Ein skigard kan ’kje vara evig, veit du», syng Stanley Jacobsen i Skigardsvisa. Men det kan ein steingard! Det er berre attgroing eller rydjing som kan fjerna ein steingard. Vi legg merke til at bømuren på Sydnes er om lag vertikal i profil mot utmarka, medan han har ein meir skrånande profil mot innmarka. Dette var blant anna for at dyra ikkje skulle kunna koma seg over muren og inn på innmarka. I tillegg var det viktig at muren fekk god støtte nederst på innsida.

Mykje arbeid

Det ligg utruleg mykje arbeid bak ein slik bømur, i hovudsak bygd med handamakt. Først måtte steinen brytast opp frå bakken, så transporterast fram til staden der han skulle brukast og deretter løftast opp og byggjast inn i steingarden. Ein jobb truleg utført gjennom generasjonar, og ikkje ulik den jobben det må ha vore å byggja dei mange gravrøysene vi finn rundt om i distriktet.

Gardbrukar Olav Svalland på Sydnes har fått eit lite tilskot gjennom den statlege SMIL-ordninga (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) for å ta vare på muren. Føremålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet. Han har alt gjort steingarden betre synleg og skal seinare i år også rydja ein gammal husmannsplass i nærleiken.

(Noko av denne teksten har Sigvald Robberstad skrive på eit informasjonsskilt ved bømuren på Sydnes).

Bømuren på Sydnes er om lag vertikal i profil mot utmarka, medan han har ein meir skrånande profil mot innmarka.

Bømuren på Sydnes er om lag vertikal i profil mot utmarka, medan han har ein meir skrånande profil mot innmarka.

Forrige
Forrige

Jul i juli

Neste
Neste

Med slekta til «the roots» på Fjelberg og Stord