Jul i juli

Jul i juli bør vera ei passande overskrift i dag.

Det er ikkje lett å skjøna kva årstid me er i. Rett nok er det lysare enn vintersdagen, men temperaturen gjer at Kvinnherad Energi sopar inn pengar, som om det skulle vera ved juletider. Sjølv handelsstanden er komen i tvil om årstida.

Her om dagen kjøpte eg ein pakke med toalettpapir av mjukaste sorten. I forbindelse med eit nødvendig ærend på toalettet, drog eg ut ei god strimle av det nyinnkjøpte produktet. Stor var overraskinga då eg blei ønskt God Jul med raude bokstavar.

Kona har forlangt at eg legg bort resten av opplaget. Ho likar ikkje julehelsingar i juli. Så no ligg rullane med den glade bodskapen godt gøymt i kjellaren. Dei får venta til dei har fått endå nokre månader på baken.

Lars Jostein

Forrige
Forrige

Skorpetrollet

Neste
Neste

Bøgardar – viktige kulturminne