Skorpetrollet

Ord
Segna om Skorpetrollet er gammal. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Segna om Skorpetrollet er gammal. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Som for to år sidan fekk Uskedalen stor merksemd då Sommarbåten «Sjøkurs» gjekk gjennom Storsund denne veka. Programleiar Øyvor Bakke kunne leksa si. Ho skildra Skorpo med skuringsstriper og landskapsformer frå den siste istida. Særleg fokus var det på Skorpetrollet i innseglinga til Uskedalen.

Skorpetrollet er steinen med trollfjeset mange ser i Skorpegavelen. Segna om steinen er gamal. Ho går slik:

– Det budde ei trollkvinne (jygr) på Skorpo. Ho var fin og ein kar på Ljosmyr i Herøysundet var hugteken av kvinna. Han tok ein stor stein, festa tau i og kasta steinen over sundet. Så ville han dra Skorpo til fastlandet. Han tok så hardt i at steinen klovna. Sjølv datt han så tungt at ein kan sjå merke etter baken hans enno.

Steinen i klyfta er Skorpetrollet.

Av Kristian Bringedal
www.uskedalen.no

Forrige
Forrige

Revabåsen på Halsnøy

Neste
Neste

Jul i juli