Revabåsen på Halsnøy

Ord
Revabåsen på Fatland er ei naturleg hole i fjellet.

Revabåsen på Fatland er ei naturleg hole i fjellet.

Om du vil oppleva fin natur og samtidig få med deg gammal historie og informasjon om dyr og fauna når du går på tur, er det berre å styra rett mot den sørlegaste delen av Halsnøy. Her har Halsnøy O-lag med Sigvald Robberstad i spissen og med god hjelp av Arne Gjerde over fleire år merka mange interessante turløyper, både lette og meir krevande.

Her hadde Ole Fatland lyttepost under siste verdskrigen.

Her hadde Ole Fatland lyttepost under siste verdskrigen.

Langs dei ulike rutene på garden Fatland og lenger sør, på Sydnes, har karane sett opp gode og informative opplysningsskilt der du kan lesa om det du kan sjå under vegs. Vi har gått mange av dei merkte turane, og her kan du lesa om «Revabåsen»:

Revabåsen på Fatland er ei naturleg hole i fjellet, 10 – 15 meter oppe i skråninga ved sida av ein av vegane til Sydnessåta og Kjekavatnet. Kjensfolk meiner å vita at inne i denne hola skal det ha budd ein raudrev for om lag 150 år sidan, og derav òg namnet revabåsen.

Hola er likevel mest kjend i bygda fordi ein annan «lur rev», Ole Fatland, under siste verdskrigen hadde plassert ein radio her. Det var som vi veit strengt forbode å ha slike apparat på den tida. Hundre år etter reven som heldt til der, fungerte altså hiet som lyttestasjon, der Fatland og andre bygdefolk fekk inn meldingar frå London om korleis krigen utvikla seg.

«Stemma frå London» var i første rekkje stemma til Toralf Øksnevad, men også Hartvig Kiran og Olav Rytter formidla nyhende frå krigen til det norske folk. Det var viktig informasjon, som var med og gav folk mot og vilje til å halda ut okkupasjonen frå den tyske krigsmakta. Men som nemnt, var det forbod mot å ha radioar, og dei som braut dette forbodet tok ein betydeleg risiko. Mange vart også tekne og straffa.

Langs dei mange turstiane er det sett opp både informasjon om dyr og fauna, og om vegen vidare.

Langs dei mange turstiane er det sett opp både informasjon om dyr og fauna, og om vegen vidare.

Forrige
Forrige

Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv

Neste
Neste

Skorpetrollet