Sensasjonelt funn i Uskedalen?
– Du trur det ikkje før du ser det, heiter eit gammalt uttrykk. Men det spørst om vi ikkje no må snu om på uttrykket, og heller seia at du må ikkje tru på alt du ser.
Les i alle fall kva nettstaden uskedalen.no skriv, og gjer dine eigne tankar:
– Det er gjort eit sensasjonelt arkeologisk funn under utgravingar i Uskedalen. Funnet minner om dei gamle helleristingane, men at motivet skil seg frå dei, etter som det er utforma med ein sterk førhistorisk kunstnarleg dimensjon.
Motivet som er gjort i hard stein, viser tydeleg eit vikingansikt med skjegg og hjelm med horn. Fagfolk arbeider framleis med å tolka funnet, og dei skal førebels ikkje ha klart å tidfesta det til ein spesiell tidsepoke. Motivet gjer dei likevel sikre på at det må vera laga etter vikingtida.
Funnet har vekt oppsikt i arkeologiske fagmiljø, og enkelte meiner å sjå at det styrkjer innhaldet i den vidgjetne segna om den allmektige Kong Gaute. I tillegg medfører funnet at løgna om at vikingane ikkje hadde horn på hjelmen har fått banesår. Det er tydeleg å sjå.
Fagfolka som bearbeider funna, vil ikkje røpa kor i Uskedalen funna har vorte gjort. Grunnen til dette er at dei ikkje vil verta forstyrra i tolkningsarbeidet. Dette må vi sjølvsagt ha forståing for. Dessutan held utgravingsarbeidet fram for å undersøkja om det kan verta gjort nye funn.
Funnet vil ikkje ikkje berre kasta ljos over bygdehistoria vår. Det kan truleg setja ein viktig periode i Noregshistorien i eit nytt perspektiv.
Denne saka har inspirert limerickar Olaf Agnar Gausvik til å koma med følgjande vers:
Det er ikkje dokumentert
at kong Gaute kan ha eksistert
før mannen med meisel
og svingande feisel
er tvillaust identifisert.
Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no