Må eldreomsorga blø?

Nokre sitat frå kommunevalkampen i 2015 og referert i boka Frå heim til heim (2016):

«Ølve er den beste aldersheimen i Kvinnherad, og bebuarane gler seg til kvart måltid». (Johnny Håvik, Ap).

«Ølve alderspensjonat kan vera ein modell til etterfølgjing i resten av Kvinnherad». (Hans Inge Myrvold, Sp).

Også i 2003 ville kommunen spara pengar i Ølve ved å få mat frå Husnestunet, men bebuarane på alderspensjonatet protesterte høglytt og kommunen måtte gjera heilomvending.

Kva tid vil kommuneadministrasjonen slutta med å gjera kvardagen for dei eldre utrygg? Har ikkje byråkratane lært av den forrige mat-fadesen? Stå opp for dei eldre, kommunepolitikar, og bevar arbeidsplassane i mindre bygder!

Eg vågar påstanden: Ingen «vanleg» kvinnhering trur på at det er noko å spara ved å sentralisera matproduksjonen ved alders- og sjukeheimane. Det er ein illusjon og ein byråkratisk floskel.

Det skal bli spennande å følgja med på om her finst politikarar som vil vera med på dette.

Kristian
6. mars 2017

Forrige
Forrige

Fitjar leiar i venskapsorganisasjonen

Neste
Neste

Aslaug Torget Sjo: Rodde for livet då fyret blei bomba