Jul igjen

Nå er det jul igjen, og nå er det jul igjen, og jula varer helt til påske!

(Foto: Arne Gjerde)

Ja, slik song dei før i tida. Då byrja jula på julafta presis klokka fem, med at kykjeklokkene ringde jula inn, og deretter song Sølvguttene på radioen. Tidlegare på dagen hadde me vaska alle golv, bore inn ved, sett opp fugleband, pynta juletreet, og plassert pakkar under treet.

Etter Sølvguttene var det julemat, og gang rundt juletreet, og utdeling av pakkar. Og dette heldt gjerne fram både første og andre juledag. Bortsett frå at me fekk ikkje fleire pakkar, men me kosa oss gløgg i hel med dei me hadde fått på julekvelden. Me hadde ikkje lov å gå på besøk til andre på førstedag, den dagen var heilag og reservert for den aller næraste familien.

Så gjekk det i eitt utover, gjennom romjula og nyttårshelga, og endå lenger, med julefestar i skulehus og bedehus, og juleselskap rundt i dei tusen heimar. Eigentleg var jula slutt på trettande dag, altså 6. januar, men i praksis varte ho mykje lenger. 

Heime hos oss hugsar eg at me hadde juleselskap heilt fram mot slutten av januar, der slekt og venner var inviterte. For at alle skulle få koma, måtte me ha fleire selskap. 

Og for at alle julekakene skulle bli oppetne, måtte me òg ha mange selskap. Og andre familiar hadde sjølvsagt sine selskap, der me vart inviterte, så jula var lang og heftig. Det var mykje lått og moro, og alle gamle juleleikar vart haldne i hevd, av gjester i alle aldrar.

Etter kvart som me kom opp i ungdomsåra, vart det meir slutt med desse selskapa, berre juletrefestane har langt på veg halde stand fram til i dag. 

Baking

Men om det vart slutt på selskapa, vart det baka nesten like mykje som før. Heldigvis. Ikkje alle desse tørre kjeksa var like populære, men for eigen del så sette eg umåteleg pris på mamma sine kokosmakroner. Kvar laurdagsnatt når eg kom heim frå festleg samver med venner, gjekk eg rett inn i kakerommet og forsynte meg grovt med kokosmakroner. Dette skjedde ikkje berre fram til påske, men så lenge lageret rakk. Og det var store kakeboksar den gongen. Og mange.

Så på ein måte så varte jula frå klokka fem på julafta, og til langt over påske.

Den gongen. Men ikkje i dag. I dag byrjar jula i august, når Nidar presenterer julemarsipanen sin. I september er det andre som melder seg på med sine juleprodukt. Og i oktober set Zelveste Jostein fram nissane i butikken sin. Tidleg i november byrjar så folk å ha julebord, med ribbe, lutefisk og pinnekjøt. 

Så når desember kjem, vert juletrea pynta snarare enn svint, og resten av jula vart feira med brask og bram. Ikkje i "de tusen hjem", slik som før i tida. Men i dei tusen shoppingsenter.

Etter kvart kjem me så fram til julaftan. Men då er mange stup trøytte og gørr leie av heile jula. Så i praksis sluttar gjerne jula av av den dagen. Presis klokka fem. Då syng framleis Sølvguttene, den dag i dag, men no syng dei jula ut, i staden for inn.Handelsstanden, som er vår tids forkynnarar, har predika det moderne juleevangeliet i fleire månader, så dei er også trøytte. Dei får to dagar til å kvila ut på, før dei må i gang med bytehandelen i romjula.

Nei, jula varer ikkje lenger "helt til påske". Går utviklinga vidare slik ho har gjort i det siste, er det neimen ikkje lenge til me kan syngja at "jula varer helt fra påske"!

Arne Gjerde

OrdKristian Husjol, nisse, mat