Nyttårsforsett?

Me er vel fleire som skulle slanka seg, slutta å røykja, eta sunnare, trimma meir, bli snillare, ha det ryddigare, ta klesvasken etter kvart osv. osv. på nyåret? Kanskje er me like mange som opplevde at dei gode forsetta kokte bort i kålen etter nokre dagar/veker óg?

Det er nemleg ikkje berre å seia halleluja, ein skal gjera det òg, som me veit. Ikkje like enkelt.

I fjor hadde eg planar om å leggja fem kroner på sparebøssa for kvar gong eg sa "Uff, nei, no må eg…» Det vart ikkje den heilt store kapitalen, for å seia det slik. Eg trur eg gløymde heile greia. Det har seg nemleg slik at eg er slutta å hugsa.
Kanskje skal eg slutta å klaga over det? Til glede for mine næraste? Hadde eg berre hugsa på det.

Men eitt er sikkert: Ein smil er gratis. Dessutan ser eg finare ut, og humøret stig opptil fleire hakk når eg smiler. Men eg trur ikkje at eg kallar det nyttårsforsett. Eg berre gjer det.

Jorunn Toskedal

Kort sagtKristian Hus