Arbeidet for seniorsenter i gang
Før jul møtte kring 70 menneske opp i kulturhuset for å høyra om planane for eit seniorsenter på Husnes. No er idéen kome eit steg vidare i meir organiserte former. Ei nemnd utpeika av Frivilligsentralen si seniorgruppe hadde sitt første møte torsdag, der vegen vidare blei diskutert og litt meir konkretisert.
Eit av dei første spørsmåla nemnda tok for seg var å definera sjølve prosjektet. Kven er målgruppa? Er det interesse blant innbyggjarane? Korleis skal prosjektet organiserast? Kven skal byggja og korleis skal det finansierast?
Arbeidsgruppa vil no i startfasen ikkje låsa seg for mykje i høve til dei ulike problemstillingane, men er likevel enige om at det planlagte seniorsenteret skal vera for personar i alderen 67+.
Når det gjeld spørsmålet om organisering, vil gruppa på neste møte diskutera om prosjektet skal byggjast av ei ideell stifting, av eit sameige, av eit burettslag eller om ein skal tilby private aktørar å stå for byggjing og sal. Det skal leggjast fram ei utgreiing om desse spørsmåla i neste møte.
Tomteval
Så langt i prosessen har det ikkje vore noko konkret drøfting av stadvalet for eit seniorsenter, men det har likevel vore synfaring i eitt område, der eigaren har vist interesse for sal. I tillegg er nemnda orientert om tre andre moglege stader, som kan vera aktuelle. Kvinnherad kommune eig ei av tomtene som vil bli vurdert.
Det er i alle fall allmenn semje om at eit seniorsenter på Husnes må liggja sentrumsnært, slik at bebuarane får kortast mogleg veg, det vil seia gåavstand til alt ein har bruk for i kvardagen (butikkar, apotek, bank, kulturhus osv.).
Etter som arbeidsgruppa førebels ikkje veit noko om behov og interesse for eit seniorsenter, er det ikkje sagt noko om kor mange leiligheter som eventuelt skal byggjast. Men tidlegare i prosessen har det vore nemnt eit bygg med minst 30 – 40 leiligheter og ulike servicefunksjonar i same bygget. Dessutan har det vore peika på at prosjektet må ha minst mogleg preg av å vera ein institusjon.
Då representantar for Stiftinga Sosialbygget på Voss var på Husnes i november for å orientera om deira prosjekt, understreka dagleg leiar Ove Jørgen Mørkve at dei heile tida har prøvd å unngå at prosjektet skal ha preg av å vera ein institusjon.
– Vi vil lengst mogleg vekk frå den tanken, sa han på møtet, og peika på at godt miljø og trivsel for den enkelte står i fokus. Alle bebuarar skal i utgangspunktet kunna greia seg på eiga hand, men dei som har behov for det, har likevel same krav på hjelp frå det offentlege som alle andre. Mørkve meinte òg at det er ein stor fordel at eit slikt senter ligg i, eller svært nær sentrum.
Høyrest dette kjekt ut? Klikk på denne lenka og vis di uforpliktande interesse her. NB! Du bind deg ikkje til noko.
Kristian Hus
skrivar