Tilsyn med eldre – ei oppgåve for Posten?

Det statseigde konsernet Posten Norge AS vil redusera omberinga ytterlegare; frå fem til tre gonger i veka. Laurdagen har allereie vore postfri i fleire år. Det blir mindre og mindre post til ombering og det må konsernet forholda seg til for å spara pengar, seier leiinga i Posten. Elles vil konsernet måtta få større tilskot frå fellesskapet. Brevmengda har falle frå nær 1,7 milliardar i 1999 til ei estimert mengd på om lag 400 millionar neste år.

No reagerer både politikarar og folk flest over heile landet på Posten sine planar. Mange lokalaviser fryktar òg konsekvensane dersom eigaren av Posten, Samferdsledepartementet gjev grønt lys. Partiet SV er blant dei som reagerer og vil at Posten skal få nye oppgåver for å hindra nye reduksjonar. Posten sitt leveringsnett landet rundt bør kunna brukast til andre tenester, som til dømes tilsyn av eldre, meiner SV.

Partiet har undersøkt korleis Posten i andre land har fått fleire bein å stå på, og vil ha ei statleg utgreiing om slike ordningar i Norge òg. I Frankrike står Posten for medisinutlevering, henting og levering av bøker og filmar, samt tilsyn av eldre. I Finland har dei testa ut besøk og assistanse til eldre, levering av mat og plenklipping. Også Nederland tilbyr matlevering, medan Tyrkia tilbyr bibliotektenester for funksjonshemma – og eldre.

Forslaget frå SV bør få oppslutnad på tvers av politiske skiljeliner og ulikt syn på kva staten skal driva med. Eg heiar på ideen om at ei av oppgåvene for tilsette i Posten skal vera tilsyn med eldre heimebuande. I Kvinnherad er det eit politisk og administrativt mål at eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim. Det er vel og bra, men då må kommunen også syta for at eldre som bur heime får nødvendig tilsyn i det daglege. Eg har høyrt om tilfelle der postmannen har kome innom einslege heimebuande berre for å seia hei og samtidig sjå til korleis dei har det. Noko slikt bør vi få til i Kvinnherad òg.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Arbeidet for seniorsenter i gang

Neste
Neste

Uskedalen