Snart vår

(Foto: Arne Gjerde)

– Tidene er ikkje som før, heller ikkje årstidene, skriv Arne Gjerde i ein kommentar til dette biletet på nettsida si, www.ag3.no. Han meiner vi berre må vedgå at klimaendringane gjer seg gjeldande for fullt, med ekstremvêr entan den eine eller andre vegen.

Gjerde meiner det må vera vår-sola som er komen, og viser til kor langt raklene på hatlane i skogen hans er komne. Og snart spring krokusen òg ut i full blom. Og då er det definitivt vår, slår fotografen på Fatland fast.

Nyare bileteKristian Hus