Ei tullesak

Ord

Foto: Daniel Morso.

Utspelet frå ordføraren, med seinare tilslutning frå formannskapet om å endra namnet på delar av Opsangervegen og Husnesparken, byrjar å bli ei tullete og langdryg sak. Har det gått prestisje i saka, skal tru?

Det starta som ein namnekonkurranse for ein liten del av Opsangervegen, og kommunen fekk inn mange forslag. Så endra politikarane det til eit forslag om nytt namn på eit område, medrekna Husnesparken.

Kvifor i all verda skal politikarane, administrasjonen og endåtil Språkrådet bruka tid på å diskutera namn som dei fleste er imot? Har dei ikkje noko viktigare å føreta seg, er det mange som spør seg.

Opsangervegen og Husnesparken er gode og innarbeidde namn. I parken står også bautaen over diktaren Jonas Lie, det held i massevis. Han var då ingen husnesing i ordets rette tyding.

Så vis klokskap, ordførar og rådmann: Trekk heile saka og konsentrer dykk om noko langt meir konstruktivt for regionsenteret. Dette er ei såkalla tulle-sak i mange sine auge!

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Søkjer om støtte til seniorsenter

Neste
Neste

Snart vår