Søkjer om støtte til seniorsenter

Ord

Otto Blokhus, Roald Teigen og Aud Sigrun Fausk er blant dei som no arbeider for eit seniorsenter på Husnes.

(AV KRISTIAN HUS): Seniorgruppa i Kvinnherad frivilligsentral har teke initiativ til byggjing av eit seniorsenter med tilpassa leiligheter på Husnes. Om dei lukkast med å realisera planane, blir det i så fall det første i sitt slag her i kommunen. No håpar initiativtakarane på økonomisk drahjelp frå kommunen og andre for å kunna gå vidare med prosjektet.

Seniorgruppa har oppretta eit eige arbeidsutval, som allereie har hatt fleire møte og diskutert ulike løysingar for eit prosjekt med opptil 30 – 40 leiligheter. Utvalet har også sett på fleire tomtealternativ, forutan at dei har vore i kontakt med huseigarar som vurderer å utvida alt eksisterande bygg. Så langt er det ikkje konkludert med noko som helst når det gjeld plassering eller løysing, bortsett frå at utvalet er klare på at det må vera sentrumsnært. Mange ønskjer å bu både sentralt og lettstelt når ein kjem opp i åra, viser det seg.

Prognosar frå Statistisk Sentralbyrå om folketalsutviklinga i Kvinnherad er eit av utgangspunkta for idéen om eit seniorsenter på Husnes. Prognosen frå SSB viser nemleg at talet på kvinnheringar over 67 år vil auka betrakteleg i åra framover. Berre fram til 2025 ser det statlege statistikkbyrået til dømes for seg at denne aldersgruppa får ein auke på ca 18 prosent, til totalt 2.719 personar i heile kommunen.

Store utfordringar

Utviklinga framover vil samtidig gje kommunen store utfordringar i høve til kor folk skal bu når alderdomen kjem for fullt til den enkelte, kanskje endåtil med sviktande helse. Det offentlege har eit stort ansvar i så måte, etter som langt frå alle vil få plass på ein alders- eller sjukeheim når behovet melder seg. Kommunen har dessutan per i dag heller ingen konkrete planar om å utvida kapasiteten. Tvert imot trur både politikarar og folk i helsesektoren at det ikkje vil bli bygt fleire offentlege institusjonsplassar i det heile teke i åra framover. Kommuneleiinga og politikarane si målsetjing er heller at folk skal kunna bu lengst mogleg i eigen heim. Då trengst ulike tiltak, blant anna bygging av fleire seniorbustader.

Utifrå SSB-prognosen og kjende realitetar, meiner Frivilligsentralen si seniorgruppe at det er heilt nødvendig å førebu og leggja til rette for bygging av mindre bustader fleire stader, kanskje særleg i Husnes sentrum. Forutan kommunen sitt ansvar, bør også private utbyggjarar vera interesserte i slike prosjekt, meiner seniorgruppa.

Leilighetene må vera tilrettelagt den enkelte brukar sine behov, slik at ein i størst mogleg grad kan greia seg sjølve langt opp i alderdomen. På same tid er det viktig å unngå institusjonspreget.

– Måten vi tenkjer å realisera prosjektet på vil kunna vera nyskapande på mange område, seier Roald Teigen, leiar i utvalet som arbeider med planane på Husnes. Det kan til dømes vera å ta i bruk det aller nyaste innan velferdsteknologi for å skapa tryggleik for bebuarane. Nærleik til dei fleste servicetilbod, som butikkar og apotek, gjerne også til tenester knytt til pleie og omsorg, er òg viktig når ein dreg på åra. Difor satsar utvalet på å finna ei tenleg tomt i sentrum. Eit anna viktig kriterium for prosjektet er at prisane på leilighetene må vera overkomeleg for alle.

Eit meir aldersvennleg samfunn

– Vi trur også at eit seniorsenter på Husnes vil vera med på å utvikla kvinnheradsamfunnet til eit meir aldersvennleg samfunn, seier utvalsleiaren vidare. Han meiner det også vil kunna bidra til auka trivsel og aktivitet, minska einsemda blant eldre og gjera det lettare for det offentlege å yta tenester (pga. nærleik til Husnestunet). Prosjektet vil tvillaust bidra til større aktivitet blant eldre folk, og skapa nye arbeidsplassar både på kort og lang sikt, slår Teigen fast.

Initiativtakarane har ikkje økonomi til å gå i gang med eit så stort prosjekt utan støtte frå fleire hald. Difor håpar arbeidsutvalet at spesielt kommunen vil bidra sterkt til å få planlagt og bygt det første seniorsenteret i Kvinnherad – gjerne som eit pilotprosjekt, om ein vil. Utvalet har også søkt Sparebankstiftinga om pengar til å gå vidare med planane.

Det vil kosta fleire hundre tusen kroner å få gjennomført ei mulighetsstudie med skisse- og forprosjekt, samt marknadsundersøking for å få kartlagt interessa. Ei eiga nettside for prosjektet er også med i planane for det første seniorsenteret i Kvinnherad.

Er dette eit spennande prosjekt? Klikk her og send oss gjerne ein epost med di meining.

Forrige
Forrige

Medalje-jubel i Dubai

Neste
Neste

Ei tullesak