Medalje-jubel i Dubai

Heine ilag med foreldra sine; Marlen Eide Røssland og Lars Arve Røssland. (Foto: Lars Ivarsøy)

To stolte foreldre, opprinneleg frå Halsnøy og Husnes, er for tida i Dubai der sonen deira deltek i Special Olympics, med friidrett og mange andre idrettsgreiner på programmet. Laurdag kunne 18-åringen Heine henta sølv-medalje for innsatsen sin i spydkonkurransen

Sølvmedaljen til Heine var den første norske medaljen i dei populære leikane, som samlar over 7000 deltakarar frå heile verda. Han representerer idrettslaget Gneist. Hordaland har berre to deltakarar med i dette gigantstemnet, og i dag (søndag) vart det ein ny sølvmedalje, denne gong til kameraten Lars Aleksander i kule.

Ein stolt medaljevinnar. (Foto: Lars Ivarsøy)

– Sjølv om Heine er busett i Bergen er han likevel hundre prosent kvinnhering, skriv Lars Ivarsøy frå Husnes til Skimtvis.no, og minner om at både mora, faren og besteforeldra til Heine er derifrå. Sjølv er Lars busett i Dubai, der han jobbar som kaptein i flyselskapet Emirates. Han var til stades då Heine tok medalje i spydkast-konkurransen.

OrdKristian Hus