Høgt ambisjonsnivå i Husnes Vekst

Styret i Husnes Vekst er uroa over at det etter snart fem år ikkje er lagt fram ein konkret plan over korleis regionsenteret skal utviklsast. (Foto: Daniel Morso).

Husnes Vekst har hatt årsmøte og lagt fram ei fyldig årsmelding, der det blant anna kjem fram at det er vanskeleg å få gjennomført mange av aktivitetane styret har ambisjonar om. Skal ein få det til, må fleire interesserte personar utanom sjølve styret engasjerast i ulike arbeidsgrupper, både medlemmer og andre, meiner det avtroppande styret.

Åsmund Kåre Rørvik sluttar som styreleiar/dagleg leiar etter to år i stillinga, og førebels er ingen ny på plass. Ny leiar skal veljast på omframt årsmøte 8. april, og valnemnda har allereie klar Rørvik sin etterfølgjar.

Styret har siste året arbeidd etter ein handlings- og aktivitetsplan med tolv hovudpunkt, kvart punkt med mange ulike aktivitetar. Arbeidet med regionsenteret er kanskje den viktigaste saka nett no, og her uttrykkjer styret sterk uro over at det etter snart fem år ikkje ligg føre ein klar plan for korleis regionsenteret skal utviklast.

Vanskeleg å rekruttera nye

Ved årsskiftet hadde organisasjonen 58 private og ni bedrifter som medlemmer, og det er for lite. I løpet av året vart det gjennomført to vervekampanjar, begge gongene med labert resultat. Arbeidet med å auka talet på medlemmer skal halda fram.

Styret hadde 10 møte i året som gjekk. Før det ordinære årsmøtet 13. mars hadde Åsmund Kåre Rørvik sagt ifrå at han ønskte å trekkja seg som styreleiar/dagleg leiar, men valnemnda hadde ikkje lukkast i å finna ny. Heller ikkje på årsmøtet var det nokon som ville ta på seg leiarvervet. Det skal difor haldast omframt årsmøte måndag 8. april, og då vil ny styreleiar vera på plass.

Klikk her og les heile årsmeldinga.

OrdKristian Hus