Bok om dokter Haugen

Haugen var alltid pen i tøyet, endatil når han dreiv med hagearbeid. (Ukjend fotograf).

Endre Haugen (1895–1986) var lege i Kvinnherad i heile 45 år. Han var einaste distriktslegen i kommunen frå 1934 og fram til han pensjonerte seg i 1966. Etter det dreiv han privat praksis fram til han var 84 år gammal i 1979. No er det laga bok om han.

Opptakten til boka byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. Initiativtakarar til bokprosjektet var Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal, som etter ei modningstid og eit par års tankeverksemd, fekk Kristian Hus med på laget. Dei tre har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen.

Bokutgjevarane har også fått innsyn i Haugen sine personlege betraktningar om livet som lege.

Med eit vidt distrikt, i ei tid med vanskelege kommunikasjonar og veglause grender, skjøtta han den viktige jobben på ein framifrå måte, skriv boknemnda i føreordet.

– Vi håpar og trur at boka vil ha historisk verdi, då ho kastar ljos over dei store endringane som har vore på ulike område etter Haugen si tid.

Boka er på 200 sider og er trykt i 800 eksemplar. Ho er rikt illustrert med mange bilete og teikningar frå ulike hendingar. Kristian Hus er utgjevar under føretaket Skimtvis, medan Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier dei tre i boknemnda.

Du kan lesa meir om boka og eventuelt tinga ho her

Forrige
Forrige

Dokteren hoppa i vatnet og vassa i land

Neste
Neste

Høgt ambisjonsnivå i Husnes Vekst