Vil ha meir og betre trafikksikring

Vegen mellom gamleskulen og krysset inn til Bogsnes er det farlegaste i heile området, meiner styret i Husnes Vekst.

Trafikktryggleik har lenge stått sentralt i Husnes Vekst sitt arbeid. Etter styret si meining er det trong for mange tiltak, store og små, som kan gje betre tryggleik i heile området. No har kommuneleiinga fått informasjon om i alt 12 risikoområde, som styret meiner må utbetrast.

– Vi vonar ordføraren, politikarane og administrasjonen i Kvinnherad kommune kan prioritera og få gjennomført desse tiltaka, heiter det i brevet frå Husnes Vekst.

Klikk på linken og les om alle tiltaka Husnes Vekst peikar på.

Det er kome autovern ved rundkøyringa i krysset opp til skulane og helsesenteret.

OrdKristian Hus