Ferjesambandet Kvinnherad – Stord

– Vi må slutta å sjå på alternativ på Stord, seier Hilde Enstad (Ap) i debatten om nytt ferjestø på øya. Korkje ho eller andre i partiet hennar er særleg imponerte over det som har skjedd (les: ikkje skjedd) i inneverande periode. Ved kommunevalet for snart fire år sidan gjekk Ap inn for Sunde – Jektevik, men har ikkje fått gjennomslag for det. No skal det bli interessant å sjå om dette blir valkampsak enno ein gong.

Men til poenget: Det er ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen i delar av det politiske miljøet over manglande resultat. Men dei folkevalde er såvisst ikkje åleine, for mitt inntrykk er at langt dei fleste tykkjer dagens reise med bil og ferje til og frå Skjersholmane er unødvendig lang. Men blir turen noko særleg kortare mellom Sunde og Jektevik? Neppe! Einaste fordelen med å bruka Ap sitt alternativ, er at vi som bur på fastlandet i Kvinnherad slepp å køyra «omvegen» om Halsnøy (ca 14 km frå Sunde, ifølgje NAF sin ruteplanleggjar) og at vi slepp å betala bompengar i tunnelen. Bompengane vil elles etter planen opphøyra om fire år.

Eg trur politikarar og andre som er skuffa over det som er gjort/ikkje gjort i høve til nytt ferjestø på Stord, berre må resignera, det er nyttelaust å kjempa vidare for noko betre. Dessverre! Bruk heller energien på meir langsiktige planar, som til dømes ferjefritt samband mellom Sunde/Husnes-området og E39 på Tysnes. Så får vi heller sitja på ferja til Skjersholmane eller Jektevik og irritera oss over stordabuen som vil ha det slik i uoverskueleg framtid.

Heldigvis har vi eit godt og tenleg snøggbåtsamband mellom kommunane, som er betre enn ein lang ferjetur. Og skal vi til Haugesund med bil er Utåker – Skånevik og Sydnes – Utbjoa langt å føretrekkja framfor turen om Skjersholmane.
Slik ser no eg på saka.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Vil ha meir og betre trafikksikring

Neste
Neste

Kriminalomsorg i gammal tid