Blod er tjukkare enn vatn
Skal det vere, så skal det vere, har visst Sigurd Vikøren (74) i Rosendal tenkt. For like før påske slo han like godt til med to bøker; ein kriminalroman og ei om Hattebergvassdraget.
I heimbygda, på heile Haugalandet, i delar av Hardanger og traktene omkring, er Vikøren kjend for litt av kvart, ikkje minst for eit heilt liv som fotballinteressent, men også som rebell – protesterande framfor politiet for å bidra til å skaffe Noreg ein nasjonalpark.
Påske og krim høyrer jo saman, og Sigurd Vikøren har tenkt å blande seg i selskapet med sin aller første roman. «Blod er tjukkare enn vatn» heiter boka, som kom ut på Kolofon Forlag 19. mars.
– Kvifor gjekk det så mange år før du fekk ferdig det første skjønnlitterære verket ditt?
– Eg veit ikkje heilt. Det var så mykje anna eg måtte gjera, seier Sigurd Vikøren. Og han kan vise til litt av ei arbeidsøkt:
Snart 50 år som drivar og eigar av Prinfo Media, leverandør av mange slag trykksaker og artiklar, og ikkje minst som redaktør og utgjevar av Kvinnheradmagasinet, som seinare vart til Hardangerfjord-magasinet. Sistnemnde har den gamle typografen i 15 år distribuert i heile regionen, med eit opplag på 50.000 eksemplar. No skal snart ein digital kanal òg lanserast, for å auke tilgangen til magasininnhaldet enda meir.
Vikøren er også kjend i regionen for sitt fotballengasjement. Han har vore både spelar, trenar og administrator gjennom så godt som heile livet.
Nasjonalpark
Saman med ein heil gjeng entusiastar måtte han kjempa i 40 år, i første rekkje mot politikarar og utbyggjarar, som leiar i Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget. Resultatet vart Folgefonna nasjonalpark, og vern av fleire vassdrag i eit viktig naturområde.
– Meiner du at du dreiv og lenka deg fast, slik dei gjorde i Alta og andre stader?
– Eg kjende godt til mange av dei som lenka seg fast rundt omkring i Noreg, men vi gjorde aldri det. Det var likevel alvorleg nok. Vi fekk politiet til å stansa utbyggjarane sine maskiner, ved å protestera. Det er godt å tenkje tilbake på at vi vann fram den gongen, og å ha vore med på å hindre øydelegging av eit vakkert stykke Noreg. No er det berga, på vegner av generasjonar som kjem, seier han.
Sigurd Vikøren si første bok dreier seg då også om 40 år i kamp for naturen han var så gled i. No kan den som vil lese faktaboka om jobben han og gode hjelparar har gjort gjennom 40 år. Dei ville ikkje gje seg, og no er kulturlandskapet til Noregs einaste baroni freda, inkludert livsnervane som høyrer til: elvane og fossane, i eit spektakulært område mot Folgefonna.
Bladfyk og livsval
Romanen «Blod er tjukkare enn vatn» gjer Sigurd Vikøren meir spent enn han elles er.
– Eg er då ikkje nokon forfattar i slik forstand som dette, og spaninga ligg sjølvsagt i om nokon vil lesa ein roman frå ein slik som meg, som kanskje ikkje heilt veit korleis slikt skal skrivast, seier han, lun og blyg, men òg både lattermild og uvanleg omgjengeleg å vere saman med.
– Du tør likevel vere framfus nok til å tenkje «stort» når det gjeld di framtid som skjønnlitterær forfattar?
– Jo … eg har faktisk tenkt at dette skal bli en trilogi til slutt, og eg må vedkjenne at eg allereie går rundt og kladdar litt på oppfølgjaren. Førebels berre i tankane … Er det berre 37 som kjøper boka, så får eg heller skrive om noko anna.
– Romanen, som også kom ut til påske, går i stor grad føre seg inni hovudet på hovudpersonen, ein bladfyk, som det heiter på Vestlandet, er det du som er denne journalisten?
– Tja. Litt av meg er det nok, eg har då putla med journalistikk eg òg, men elles er det sjølvsagt mest fiksjon, som det skal vere i ein roman.
– Vi møter skurkar, vi er innom fotball, hundemiljø, dødsulukke, alvorleg sjukdom og du lar hovudpersonen din reise både hit og dit, men mykje av handlinga er plassert i tankane til journalisten, er det ein krimroman?
– Det får andre avgjere, men eg har meint det slik. Like vel er det òg ei forteljing om at blod er tjukkare enn vatn på så mange måtar, ein metafor for mykje meir enn slektskap og det vi vanlegvis forstår av munnhellet.
– Og om du skulle avsløre essensen i det journalisten slit med?
– Når du går gjennom livet, blir jo ofte spørsmålet kva det er som har kraft nok i seg til at du endrar dine etiske normer, oppfatningar som du var heilt sikker på du ikkje kom til å gjere nok med. For meg har det vore interessant å filosofere over kva lagnad som skal til for at du tør å endre på noko av det du før var heilt sikker på, seier den 74 år gamle bokdebutanten.
Av Stig Nilsson
Kolofon Forlag AS