Jol 1954

– Eg var så heldig at eg fekk vera med og ryngja før og etter at gudstenesta var slutt. (Teikning frå boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år».)

(Joletentamen i norsk på framhaldsskulen).

Dagane nærma seg jol. Eg hadde det så travelt med å hogga ved, kjøpa jolegåver, henta joletre, kjøpa for mor og mangt anna, som høyrer jola til. I dag var det onsdag. Jolaftan vart på ein fredag i år. Eg gledde meg slik til jol i år at det var mest ikkje råd å få det sagt.

Då eg la meg onsdag kveld, sa eg med meg sjølv: «Ja, i morgon er det vetlejolaftan».

Eg vakna vetlejolaftan av at det vart sunge jolesongar. Det var eit songkor i radioen som song. Vakkert song dei på mange av dei finaste songane som var. Å, kor glad eg vart. «I dag er det vetlejolaftan», sa eg til meg sjølv. Medan eg kledde på meg, song eg på «Å, jul med din glede». I dag skulle eg hjelpa mor med å baka jolegodter og om kvelden skulle eg sjå at alle jolegåvene mine var i orden. Denne dagen òg gjekk som dei hine dagane.

Sjølve jolaftan var eg oppe klokka halv sju. Mykje skulle gjerast i dag. Fyrst skulle eg hengja opp fuglebandet. Så skulle eg hogga meir ved. Ja, eg skulle til og med vera med å vaska golv, endå dette var gjente-arbeid, tykte eg. Men eg fekk vel gjera mykje eg òg, sidan det var jul.

Klokka halv fem skulle vi alle til kyrkja på julegudsteneste. Eg var så heldig at eg fekk vera med og ryngja før og etter at gudstenesta var slutt.

Lutafisk og risengrynsgraut

Og endeleg vart klokka 8. Då skulle vi eta jolematen vår. Det var lutafisk og risengrynsgraut. Etter at far hadde lese joleevangeliet, byrja vi å eta.

– Jammen var det godt, ja, sa minstesyster mi, Else.

–  Ja, det er sant, sa bror min, Johannes.

Alle var einige om at mor hadde laga ein god livrett.

Så skulle gåvene utdelast. Det skulle mor gjera. Men fyrst skulle dei to eldste systrene mine bera av bordet. Medan vi venta på det, sette vi oss i kvar vår stol, eg i ein god lenestol. Tankane mine fekk fara kvar dei ville. Eg tenkte på dei som ikkje hadde nokon heime, og ikkje mat eller joletre, slik som vi hadde. For desse sende eg ei stille bøn opp til Gud, og bad at han måtte hjelpa dei. Eg tenkte òg på dei som igjen berre tenkte på julegåver og mat, og ikkje visste kva jola var for. Jau, det var Jesus som vart fødd.

Før eg sovna den kvelden song eg for meg sjølv:

Eg er så glad kvar jolekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste sterna som ei sol,
og englar song så støtte.

(Kristian, 14 år. Karakter: Mg)

Forrige
Forrige

Ein pause frå covid-19?

Neste
Neste

Eldst i landet og bur i eigen heim