Eldst i landet og bur i eigen heim

Ord

Etter hoftebrotet trør Vidar forsiktig over golvet, med krykkjer.

Han er den eldste mannen i landet og bur framleis i huset sitt på garden Eide i Tørvikbygd i Kvam kommune, ikkje langt frå Eidesvatnet. Her blei han fødd den 3. juli i 1914, tre dagar før første verdskrigen braut ut. Fødselsdatoen stadfester at Vidar J. Eide går i sitt 108. år. Hardt arbeid, mykje mjølk og grovt brød er noko av forklaringa på den høge alderen.

Vi kjenner ikkje nokon andre som har levd så lenge, og difor tok vi turen til Tørvikbygd.

Skoskeier i tre er populære gåver til dei som stikk innom.

Det 150 år gamle vêrslitne huset hans står på garden han og kona dreiv i mange år. Dei fekk etter kvart seks barn, fem søner og ei dotter. Til neste år er det 20 år sidan kona, som kom frå Sotra, døydde. Dei gifta seg i 1946.

Garden er på om lag 300 mål med utmark, og i dag er det dotter til eine sonen hans som driv. Herifrå har Vidar kunna observera den russiske revolusjonen, to verdskrigar og to pandemiar. Han levde òg då Europa var råka av spanskesykja. Pandemien som herjar i landet vårt no om dagen, bekymrar han visst ikkje, etter som han har fått sine to dosar med vaksine for Covid-19. Han vil ta den tredje dosa òg når han får tilbod om det.

Men om han er gammal og skrantar fysisk, fungerer hovudet framleis nokolunde bra. Han minnes til dømes enno oppvekst og barneår på Eide, og skuletida frå sjuårsalderen og utover på 1920-talet. Tre kilometers gange for å få undervisning er visst ikkje noko særleg å snakka om. Seinare kom ungdomstida og etter kvart arbeidet på garden både for han og søskena.

Slitet i mange år etter at han blei vaksen og hadde overteke garden etter far sin, hugsar Vidar enno godt. I dag er det heldigvis blitt lettare å driva, med gode hjelpemiddel både til det eine og det andre. Men 107-åringen er likevel bekymra for framtida til bøndene. Han er spent på om den nye regjeringa greier å gjera rammevilkåra meir levelege, og vil spesielt følgja nøye med på kva finansministeren frå Senterpartiet får til.

Fyrer med ved

Ved inngangsdøra til huset sitt står den elektriske rullestolen parkert ved sida av ein stor vedstabel. Vedfyring er godt å ty til når straumprisane fyk til himmels. På veggene i stova heng familiebilete i alle variantar, samt nokre dekorerte tallerkenar. Eit heidersteikn frå Hardanger båtfestival har òg funne sin plass her.

Rundt om i rommet ligg fleire aviser; lokalbladet Hordaland Folkeblad, Bondebladet og Nationen, Senterpartiet sitt offisielle talerøyr. Det vitnar om kor den tidlegare venstremannen står politisk i dag. 107-åringen likar å følgja med i det som skjer og held seg oppdatert både ved å lesa og sjå på fjernsyn.

Vidar var i farne år mest oppteken med gardsdrifta seint og tidleg. Det var ikkje mykje tid til fritidssyslar på den tida om ein skulle få drifta til å gå rundt. Men då han blei pensjonist tok han opp att eit gammalt yrke han fekk læra av far sin i ung alder; byggjing av robåtar. Faren bygde rundt 600 av den kjende Strandebarmaren, men så mange har ikkje Vidar bygt, trur han. Men det blei i all fall produsert ein god del før han la inn årane for godt, for å seia det på båtspråket.

No på sine gamle dagar har han funne glede i å laga skoskeier i tre, som han også dekorerer med ein brennar. Folk som kjem på besøk får ofte ei skoskei med seg ut døra.

Ikkje eit liv etter døden

Det er lett å sjå at vi snakkar med ein gammal mann, den eldste i landet. Ansiktet hans ber preg av det, og hendene er merka av slitet på garden gjennom mange år, like frå barneåra på 1920-talet. Vidar har mykje å sjå tilbake på, og tenkjer meir på fortida enn på framtida, i alle fall for sin eigen del. Det som ein gong skal koma, døden, får koma når det kjem, seier han. Vidar er ikkje spesielt religiøs av seg, og trur ikkje på eit liv etterpå. Einaste suta hans er korleis det skal gå med bøndene og drifta av gardane generelt i åra som kjem. Han er ikkje så sikker på at alt kjem til å gå like bra.

Vidar les lokalavisa i tillegg til to riksaviser.

Han har fått sin dose av fysiske plager, Vidar òg. Lårhalsbrot og knuste hælar etter fall er noko av det han har vore borti i sine mange levde år. Dessutan høyrer han dårleg, men han får med seg det vi spør om, og humrar innimellom når han svarer. Glimtet i auga er der òg.

Mjølk og grovbrød

Korleis Vidar har greidd å bli så gammal, er han ikkje så sikker på. Det er berre blitt slik, seier han og smiler. Men han har drukke mykje mjølk og ete grovbrød så det held. Det gjer han forresten enno. Dessutan må han ha gode gener; faren blei 87 år og bestefaren 91. To av søstrene hans blei 95 og 100 år.

No gler han seg over at barnebarnet, Britt, er så flink med gardsdrifta. Ho er utdanna ingeniør og arbeidde i oljebransjen fram til 2013 då ho skifta yrke, og tok over garden. Dessutan er han tilfreds med at heimesjukepleien i Kvam kommune ser til han, og at dei gjer reint i huset. Ei svigerdotter, mor til Britt, passar også på at han får middag kvar dag. Ho kokar dessutan graut til han, og det likar snart 108 år gamle Vidar J. Eide godt.

Huset til Vidar er visstnok 150 år gammalt, og ber preg av alderdomen.

Forrige
Forrige

Jol 1954

Neste
Neste

Ny bok: Prestegardsminne