Ny bok: Prestegardsminne

Endå ei bok frå Skimtvis!

Forlaget Skimtvis er klar med si andre lokale bok denne hausten. I september kom historia om samfunnsbyggjaren Gunnar Røsseland og hans etterkomarar, og no kjem boka Prestegardsminne, som har sitt utgangspunkt i Malmanger prestegard i Rosendal. Tre av dei som hadde sine barneår her; Knut Gunnar Sellevold, Magne Medhus og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen minnest alle dagleglivet i heimen og i bygda rundt. Dei fortel om samfunnsendringar, krigen og kyrkjekampen då prestane la ned embeta sine. Historien om kyrkjekampen i 1942 vil vera ny og interessant lesnad for mange. Vi får elles lesa historiar om dei freda bygningane på garden, om tre og vokstrar, kyrkjeliv, vitjingar og feiringar og mangt anna. Til saman er forteljingane deira ei kultur- og lokalhistorisk reise om livet på og rundt den ærverdige prestegarden under Malmangernuten.

Også denne boka er ei fin julegåve i år, trur eg. Boka er til sals hjå Rosendal Bok og Norli Husnes. Eit alternativ er å tinga boka frå Skimtvis.

Sjå meir om den nye boka her.

Forrige
Forrige

Eldst i landet og bur i eigen heim

Neste
Neste

Når dei eldre svelt