Når dei eldre svelt

Når dei eldre svelt

Det er nesten ikkje til å tru, det som er kome fram i riksmedia i det siste: Langt fleire menn og kvinner døydde av svolt og underernæring i norske sjukeheimar i 2020 enn dei som døydde av Covid19! Venteleg er ikkje Kvinnherad med i denne statistikken, men det er likevel grunn til å tenkja over problematikken. For dei eldre si skuld!

Vi snakkar om ei sårbar gruppe menneske, som i den siste fasen av livet sitt må opphalda seg i ei seng, på eit rom i ein institusjon der dei er fullt og heilt fråteken muligheten til å påverka sin eigen situasjon.

Det er eit mareritt for mange av oss, å måtta enda opp i ei sjukeseng etter eit sjølvstendig og innhaldsrikt liv på dette rommet med framande, med liggjesår, bleier, smerte, håttaløyse, dagar som kjem og går, altfor mykje tid og utan mulighet til å eta sjølv. Fullstendig overgitt til helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og legar. Som alle gjer så godt dei kan, men som har det travelt. Av og til slitne og oppgitte.

Dei gjer så godt dei kan, desse hjelparane. Men når så mange gamle svelt så å seia rett framfor augene deira, må det vera lov til å stilla spørsmål ved systemet vi har bygt opp i vårt moderne velferdssamfunn. For det fungerer openbert ikkje godt nok, når endåtil Helsedirektoratet påpeikar at alt for mange eldre døyr av underernæring og svolt på mange institusjonar, i eit land som nesten bugnar av mat og drikke!

Det trengst å ropast eit varsku!

Kristian Hus

Kjelde: ViOver60.

Forrige
Forrige

Ny bok: Prestegardsminne

Neste
Neste

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt