Ein pause frå covid-19?

Koronapandemien er alvorlege saker, og den skal vi ta på største alvor, og ikkje kimsa av. Men eg trur likevel folk flest no har nådd eit metningspunkt når det gjeld omtale i media, og at ein er leie.

I Kvinnherad oppdaterer kommunen nettsida si om smitten kvar einaste dag, og lokalavisene følgjer opp med store overskrifter og konkrete tal over kor mange som er smitta. «Nok eit døgn med høge smittetal», skriv til dømes Kvinnheringen den 20. januar. «Onsdag vart det registrert enno fleire tilfelle av koronasmitte i Kvinnherad», skriv Grenda. Riksdekkande TV og radio er enno meir aggressive i sin iver etter å fortelja oss kor gale det er. Eller kan bli, viss vi ikkje passar oss.

Vi nærmer oss no to år med restriksjonar, påbod, testing og vaksinering. Det trur eg mange etter kvart er skikkeleg leie av. Mange unge som sit i isolasjon har det òg vanskeleg. Tenk om vi kunne få oppleva berre éin einaste dag utan dette maset om koronasmitte? Hadde ikkje det vore litt bra for psyken vår?

Eg oppmodar først og fremst lokalavisene om å ta ein liten pause, berre éin dag om så er, kjemisk fri for alt som har med covid-19 å gjera? Det vil vi alle ha godt av!

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Kvinnherad bandbase – eit lokalt pop- og rock-leksikon

Neste
Neste

Jol 1954