Kvinnherad bandbase – eit lokalt pop- og rock-leksikon

Bandet S'il vous plaît i 1989. Frå venstre: Kristian Irgens, Bjarte Magnussen, Rolf Lambrechts, Bjørn Lambrechts, Remi Sjo. (Foto: Kvinnheringen).

Eit prosjekt som freistar laga ei oversikt over pop- og rock frå Kvinnherad er i emning.

Forfattar Lars Jostein Rørvik og Skimtvis er i gang med å samla namn på alle band og artistar som har vore aktive i Kvinnherad frå 1965 og framover. Vi hentar biografisk informasjon, anekdotar, historiar og anna som kan vere interessant. Vi er også interesserte i alle slags bilete frå og bak scena og øvingslokalet, turnear og pressefoto.

Har du noko du vil dela? Ta kontakt med Lars Jostein Rørvik.

Håpet er at den innsamla informasjonen skal munna ut i ei bok i 2023.

Her kan du skriva deg på epostlista til Kvinnherad bandbase og få informasjon om prosjektet etter kvart som det skrid fram:

Skulle du sjå feil eller manglar i boka, ta gjerne kontakt med Lars Jostein Rørvik.

Humming Beez frå arrangementet Rock 15. {Foto: Carina Wangensten}.

Forrige
Forrige

Avisene må ta ansvar!

Neste
Neste

Ein pause frå covid-19?