Avisene må ta ansvar!

Den tidlegare kommunepolitikaren Arne Hauge har i eit avisintervju utfordra lokalavisene våre om å ta ansvar, og få samfunnsdebatten tilbake til avisa. Han fryktar at demokratiet forvitrar dersom debatten berre føregår på Facebook.

– Avisene må ta samfunnsoppdraget sitt på alvor og løfta dei viktige debattane inn igjen i redaktørstyrte organ, seier den pensjonærte læraren i eit intervju med Kvinnheringen.

Eg er enig med det Hauge skriv; «...avisene må passa seg for å gjera seg uaktuelle». Men i dagens digitale og oppjaga medieverd, der alt på død og liv må ut til lesarane nesten før journalisten har sett punktum, trur eg avisene vil få problem med å få debattane inn i papirutgåvene sine igjen. Den tida er langt på veg forbi, og det er berre sporadisk at nokon få av oss nyttar seg av lesarbrevspaltene i papirutgåvene. Det går nesten an å telja på ei hand kven som ytrar seg på «gamlemåten».

Grenda og Kvinnheringen kjem til dømes no ut berre to gonger i veka, og det er for sjeldan til at vi får ein levande debatt i papirutgåvene. Dei som skriv, må som oftast venta i ei veke eller to før nokon kjem med tilsvar. Då blir det ikkje ein levande og tidsaktuell debatt. Men det er kanskje heller ikkje det Arne Hauge ser for seg? Han tenkjer nok på avisene sine eigne nettsider, han òg, tippar eg.

Så sterkt som Facebook står i dag, er det bortimot håplaust, enn seia umogleg, å flytta aktuelle debattar og kommentarar vekk frå den populære nettstaden. Likevel bør avisene leggja til rette for ein meir levande og lokal debatt på sine redaktørstyrte nettsider, slik det var for ein del år tilbake. Problemet med upassande ordbruk og personhets, slik vi ser tendensar til på Facebook, bør det vera mogleg å stoppa.

På Facebook er det ofte mykje tull og tøys og useriøse kommentarar når diskusjonane går for fullt. Det vil vi venteleg bli sparte for på avisene sine nettstader.

Eg vågar også påstanden at ein del av dei som skriv på Facebook er med og øydelegg språket vårt. Her òg har avisene verkeleg ei viktig oppgåve.

Kristian Hus

(BILDET: Faksimile frå Kvinnheringen)

Forrige
Forrige

Nytt byggjefelt på Husnes

Neste
Neste

Kvinnherad bandbase – eit lokalt pop- og rock-leksikon