Om Husnes mannskor og tidleg korverksemd i Husnes sokn
Ein var tidleg ute med korsong i Husnes-sokna. Alt i 1880–1890-åra finn me eit kor i bygda, truleg med utgongspunkt i miljøet på Undarheim. Det var ikkje orgel i kyrkja på Husnes då ho var bygd i 1874. Då stødde kyrkjelyden seg på dugande songarar frå bygda.
I 1890-åra dirigerte Hans Sundal, Husnes Songlag. Det koret gjekk ut etter nokre år, før Andreas Haugland starta nytt kor i 1912. Husnes Songlag var med på det første stemnet i Sunnhordland Songarsamskiping sin regi, som var på Leirvik i 1914. Andreas Haugland var dirigent for Husnes Songlag fram til året 1929.
Øvre Husnes songlag var eit kor som heldt fram i nokonlunde den forma som Hans Sundal hadde drive. Me finn han som dirigent for dette koret ved songarstemnet på Sunde i 1921. Han dirigerer også koret ved stemnet i Rosendal i 1922, ved stemnet i Våge på Tysnes i 1925 og i Førde. Året etter dirigerer han Husnes Damekor. Dette var eit relativt lite kor, som hadde ei kort levetid. Ved dette stemnet var Gustav Rørvik dirigent for Husnes Songlag. Men ved stemnet på Sunde i 1929 er Hans Sundal tilbake som dirigent for eit kor som heitte Øvre Husnes Songlag.
Ved stemnet i Uskedalen i 1936 deltok Øvre Husnes Songlag med Ragnvald Guddal som dirigent. Han dirigerer også koret ved stemnet i Førde i 1938.
Første gong det var songarstemne på Sunde var søndag 5. juni 1921. Då var det to kor i Husnessokna; Husnes Songlag med Andreas Haugland som dirigent, og Øvre Husnes Songlag med Hans Sundal som dirigent. Betzy Enes var også dirigent for dette koret.
Dei andre kora på dette stemnet var; Rosendal Songlag, Sagvåg Songlag, Førde Songlag, Rubbestadnes Songlag, Skålaglam, Seimsfoss Songlag, Stord Songlag, Uskedal Songlag, Tysnes Songlag, Førde Mannskor og Leirvik Mannskor.
Husnes Mannskor på 1990-talet. Dirigent Nils Gunnar Røssland heilt til høgre.
Husnes mannskor blir skipa
Husnes Mannskor blei skipa hausten 1931, altså for 95 år sidan. Grunnstamma i koret var restane av Husnes Songlag, som slutta av i 1930. Då hadde dei problem med å få nok kvinnestemmer. Mange av dei som var med på å starta mannskoret var framleis fleire aktive då koret feira 40-års jubileum i 1971. Av desse må me nemna Anders M. Røssland, Sylvin Grønstøl, Samson L. Rørvik og Olav Bjelland.
Det var på førjulsvinteren i 1931 at Gustav Rørvik kalla inn til eit møte, som resulterte i starten av Husnes Mannskor. Han hadde vore dirigent i Husnes Songlag sidan 1923. Dei to første åra deltok ikkje koret utanbygds. Først i 1933 melde dei seg inn i Sunnhordland Songarsamskipnad og deltok på stemnet i Førde same året. Koret har delteke på alle stemne seinare, unnateke eitt.
Gustav Rørvik skulle bli ein bauta i korsongen i Husnessokna. Han leia Husnes Mannskor heilt fram til 1965. Ikkje nok med det. Han tok ei økt til frå 1967 til 1969. Då var han 71 år. På dette stemnet tok han farvel med Husnes Mannskor og Sunnhordland Songarsamskipnad. Her blei han med god grunn hylla for innsatsen han hadde gjort for korsongen i bygdene rundt omkring. For innsatsen sin fekk han kommunen sin Kulturpris i 1986.
Frå opninga av SØRAL 5. oktober 1966. Sissel Solstad var dirigent.
Både gode og vanskelege tider
Husnes Mannskor har klart å halda det gåande i mange tiår med eit respektabelt tal songarar. Rett nok har det variert mellom 20 og 40 songarar, oftast rundt 25. Det kjem fram av gamle dokument at ein til tider hadde slite med frammøte på øvingane, men likevel har ein hatt rikeleg med hyggestunder både på øvingar og på eigne og andre sine tilskipingar.
Koret var fast gjest ved Valen sjukehus, både ved juletider og i andre tilstellingar. Songarstemnet som Sunnhordland Songarsamskipnad har arrangert nærast årvisst, har vore koret sine faste møteplass. Mannskoret var dei som tok initiativ til dei årvisse julekonsertane i kyrkja.
Eit høgdepunkt for koret – utanom songen – var då dei fekk ei ny fane som gåve. Det var ei damegruppe som i lang tid hadde samla inn pengar til denne. Motivet var bygda som var fletta inn som motiv. Magnus Hardeland stod for utforminga av motivet. Desse var med i «Faneklubben»:
Magda Rørvik, Bertha Rørvik, Martha Røyrvik, Målfrid Myklebust, Torunn Thorsen, Sønneva Ivarsøy, Anna Knutsen, Britha Bjelland og Hjørdis Bjelland.
Dei første faneberarane var Lars S. Rørvik, Gustav Rørvik, Knut N. Røyrvik og Anders M. Røssland. Koret fekk overrekt fana 15. mai 1956.
Mindre oppslutnad enn venta
Ein hadde sett for seg større tilslutning til koret etter at aluminiumverket på Husnes med stor auke i folketalet kom i 1965. Det skjedde til ein viss grad, men ikkje i den storleiken ein hadde håpa på. Dette kan ha fleire årsaker. Kormiljøet verka kanskje litt lukka og konservativt for dei tilflytte. Men det viste seg at dei som kom til ofte hadde erfaring med korsong der dei kom frå.
Omtale av koret frå stemnet i 1936:
Gomnæs Adagio.
En så vanskelig komposisjon krever et meget rutinert kor med rikt stemmemateriell. Den legato-sang, som her kreves, er det få mannskor som makter. Det var ikke å vente at et kor på ca 30 mann kunne nå noe tilfredsstillende resultat. Men sangere og dirigent gjorde hva de kunne og satte alle kluter til. En mere lettsyngelig «melodi-sang» ville gitt både sangere og publikum et rikere utbytte. Kor og dirigent virket sympatisk og energisk, så de vil nok et annet år komme tilbake med en fulltreffer.
Mannskoret på tur til stemne. Gustav Rørvik og Anders Røssland i framgrunnen.
Stemne på Sunde i 1943
Det hadde ikkje vore stemne etter 1939, så dette blei eit mindre stemne enn dei vanlege. Det var vanskeleg å skaffa båtar til reisene. 27. juni 1943 møttest Husnes Mannskor, Flakkavåg Songlag, Onarheim Mannskor, Øvre Husnes Mannskor, Rosendal Songlag og deler av Stord Songlag.
Så kjem vi til hausten 1982. Då sa Terje Gudding ifrå om at han ikkje kunne dirigera koret ved alle øvingar. Det blei ordna slik at Eldbjørg Døssland tok dei andre øvingane. No blei det likevel ikkje noko av denne ordninga, og Eldbjørg Døssland leia koret ved alle øvingar.
På årsmøtet 18. januar 1983 var det kome skriftleg forslag frå Sveinung Grønstøl om å starta eit blandakor i bygda. Det var ein føresetnad at Husnes Mannskor skulle gå inn som ein del av koret. Det blei eit livleg ordskifte om saka, som enda med at mannskoret skulle halda fram. Dei som ville starta eit blandakor stod likevel fritt til å gjera det. Men ikkje i regi av mannskoret.
Den 8. februar blei det halde nytt møte om saka. Her blei det stadfesta at Husnes Mannskor ville halda fram som før, men dei kormedlemene som også ville vera med i eit blandakor, stod fritt til det.
Terje Gudding dirigerte mannskoret ved 60-års jubileet i 1991. Då var dei berre om lag 15 songarar.
Då Kvinnheringen møtte «Sju rustne herrar» på øving heime hos Bernt Kaldestad i 1999, er gjennomsnittsalderen i koret 77 år. Seinare dette året døyr Samson Rørvik, og då er det også slutt for eit par av dei andre.
Siste gongen me finn at Husnes Mannskor syng for eit publikum er på julefesten til Husnestunet 14.12. 2011. Då var det 80 år sidan koret blei starta.
Ein januarkveld i 2012 møter lokalavisa restane av koret. Dei er ni frammøtte på øvinga, og gjennomsnittsalderen nærmar seg 80. Tove Vaage, som har vore dirigent dei siste 10 åra, har takka for seg, og rekrutteringa er lik null. Dei vedtek å møtast på øvingar kvar andre veke, men dei har halde si siste opptreden.
Klubben som skaffa pengar til fana, saman med ektefeller og nokre andre.
Høgdepunkt i koret si historie
Koret har gledd bygdefolket med song i 80 år. Dei har vore trufaste gjester ved tallause tilstellingar. Julekonsertane i Husnes kyrkje starta etter initiativ frå mannskoret. I ein periode var dei årvisse med å syngja jula inn ved Valen sjukehus. 17. mai var ein travel dag, ofte med syngjing i fleire bygder. Elles kan ein nemna 1. mai, Husnes Mållag, Husnes Ungdomslag og mange fleire. Ved den offisielle opninga av Sør-Norge Aluminium i 1966 var Husnes Mannskor med og kasta glans over arrangementet.
Høgdepunkt har utan tvil vore dei årlege songarstemnene i regi av Sunnhordland Songarsamskipnad. Spesielt dei åra koret har stått som arrangør. Det må ha vore ei spesiell oppleving å arrangera songarstemnet på Sunde 27. juni 1943. Då var det berre to månader sidan to tyske soldatar var skotne på veg frå Grønstøl til Sunde, berre vel hundre meter frå stemneplassen. Det ser ut som om det berre var føremiddagsprogram med religiøse songar. Men Øvre Husnes Mannskor drista seg til å syngja «Fagert er landet du oss gav».
Utover i 1980-åra minka publikumsinteressa for dei tradisjonelle songarstemnene. Det var òg definitivt slutt på fellesreisene med båt. Den sosiale dimensjonen var såleis borte. Arbeidsforma til Sunnhordland Songarsamskipnad blei også diskutert.
Til koret sitt 60-års jubileum i 1991 kom det helsing og gåve frå Leirvik Mannskor. Dei hadde skrive helsing i prosaform og på rim. Også ei gjestebok var med. Gjesteboka blei teken med tilbake til Stord for at kormedlemane der kunne skriva i henne. Dette er siste gongen Husnes Mannskor har sett boka!
I april 1995 møter Kvinnheringen Samson L. Rørvik. Då er koret redusert til om lag 10 aktive songarar, og Samson kallar seg musikalsk leiar. Songarane møtest til øving hos kvarandre ein gong i veka. Det sosiale er like viktig som songen.
Historiane sit også laust i gjengen. Det blir fortalt om den gongen dei hadde leigd inn ein profesjonell songpedag, og som ville høyra kvar enkelt. «Du må opna munnen meir når du syng», var beskjeden til ein av dei. «Det kan eg ikkje», var svaret, «for då dett gebisset ut».
2. februar 1997 song Husnes Mannskor offentleg for siste gong. Då song dei saman med damer frå menighetskoret under innsetjing av kapellan i Husnes kyrkje.
Husnes menighetskor starta i 1969.
Frå stemnet i Rosendal i 1957. Her er både Øyvind, Monrad og Samson Røyrvik med. Også Johannes Tjelle, som budde på Sunde på slutten av 1950-talet, ser vi på biletet.
Dirigentar i Husnes Mannskor:
Gustav Rørvik 1931–1965 og 1967–1969
Sissel Solstad 1965–1967
Samson L. Rørvik 1969–1970
Steinar Lyslo 1969–1970
Nils Gunnar Røssland 1970–1980
Terje Gudding 1980–1982
Eldbjørg Døssland 1983–1986 (vikar, øving)
Harald Ekeland 1984–1987
Ove Eikemo 1988–1989
Nils Gunnar Røssland 1990–1991 (i samarbeid med menighetskoret).
Samson L. Rørvik 1992–1999
Egil Vaage 2000–2002
Tove Vaage 2003–2012
Egil Vaage
Formenn:
Olav Bjelland 1931–1945
Gerhard Sunde 1946–1947
Emil Kaldestad 1947–1949
Samson L. Rørvik 1950–1951
Johannes Tjelle 1952
Sylvin Grønstøl 1952–1958, 1964–1966, 1980–981
Johannes Kaldestad 1959
Leif Olderkjær 1960–1963
Ansgar Olderkjær 1967–1968
Torleiv Borvik 1969–1970
Arne Nundal 1971–1973, 1978–1979, 1990–1991
Dagfinn Vaage 1974–1975, 1989
Oddbjørn Tangstad 1976–1977
Hjalmar Jakobsen 1982–1986
Torleif Nilsen 1988
Av Lars Jostein Rørvik