Politikarane må få opp farten i eldreomsorga!

Husnes seniorsenter blei i kommunestyret trekt fram som eitt eksempel på kva som må til i eldreomsorga for å oppnå suksess. (Arkivfoto).

Dekkingsgraden på sjukeheimane våre var nyleg tema i kommunestyret. På tilhøyrarbenken i rådhuset sat berre nokre få interesserte i håp om å få høyra noko konkret om korleis dei folkevalde ser for seg å løysa dei store utfordringane framover – når den mykje omtala eldrebølgja verkeleg slår inn. Men sant å seia blei vi ikkje noko særleg klokare av debatten, som for det meste dreidde seg om politiske målsetjingar og kva prosentsats som skal liggja til grunn når det kjem til heildøgnsomsorg for personar over 80 år, altså kapasiteten til kommunen på det øvste trinnet i innsatstrappa. Men lunsjen var svært god, så takk for den, ordførar!

Foto: Kristen B. Hus

Rekruttering av fagpersonell i helsesektoren er ein av dei store, ja, kanskje den aller største utfordringa både i dag og i åra som kjem, noko fleire peika på i debatten. Kva gjer vi for å gjera dette til ein attraktiv arbeidsplass? vart det spurt. Hovudstrategien til Kvinnherad kommune er likevel å syta for at eldre menneske får bu lengst mogleg i eigen heim langt opp i alderdomen. Dessutan, vart det påpeika i debatten, ligg truleg nøkkelen til suksess i bygging av fleire omsorgsbustader og seniorsenter. Husnes seniorsenter vart nemnt som eit døme i den samanheng.

Slik vi oppfatta den litt kjedelege debatten i kommunestyret 19. mars, er behovet for fleire institusjonsplassar i dag størst i Husnes/Sunde/Valen-området. Her er det dårlegast dekking, vart det sagt frå talarstolen. Kor stort behovet er, og kor mange eldre over 80 år i denne regionen som ventar på plass, vart det ikkje sagt noko om der og då. Men viss det verkeleg er slik som det blei sagt, oppmodar eg politikarane om å tak i problemet straks. Ein treng ikkje «skunda seg langsamt», slik det vart sagt av ein politikar i formannskapet i februar. Og då bør bygging av ny sjukeheim på Husnes ha høgast prioritet. Det er inga tid å mista!

Om vi legg til grunn diskusjonen i formannskapet i førre månad, er gamle Undarheim skule ved Opsangervegen den mest aktuelle og ideelle staden. Det blei endåtil sagt av både byråkratar og fleire politikarar. Så når det tilsynelatande er så stor semje om stadvalet, er det vel berre å setja i gang med planlegginga jo før jo heller? Det er ei svært defensiv haldning å skunda seg langsamt!

Kristian Hus

Neste
Neste

– Eg skal betala gjelda mi