– Eg skal betala gjelda mi
Det er snart åtte år sidan boka «Den sindige villmannen» kom ut. Ho handla om det mangslungne livet til eventyraren Tjerand Aske frå Fjelberg. Også her på Skimtvis vart fleire av historiane i boka publiserte i tekst og bilete og gjennom lydintervju med folk som kjende Tjerand. Men den sindige villmannen blir visst likevel aldri gløymd i miljøet han levde i, noko denne vesle historien vi har fått frå Frode Sæbø viser.
Sæbø har fått tilgang til eit brev som Tjerand skreiv til Odd Sjo, onkel til Frode, i 1958. Tjerand skulda pengar til landhandelen på Sæbøvik, N. Nilsen Eftf., og sende brev til Sjo, som svar på kravet. Der går det fram at han skal betala gjelda si, når han får pengar.
Brevet var skrive på ein avriven papirbite frå ei øskje, eit brev som framleis finst i original.
– Vi strevar litt med å tyde alt, skriv Frode Sæbø til redaksjonen i Skimtvis. Dei har likevel klart å tyda delar av bodskapen frå Tjerand.
Aske, 5/9-58.
N. Nilsen
v/Odd Sjo
Sæbøvik
Eg var uheldig med smalen i vinter og dei hadde ikkje lamb.
Nå har eg … (?) noko penga, som eg med vissa veit at eg får, men som det enno vil gå noko tid før eg får.
Lofotfisket vart ikkje noko av i år, bare snaut til noko solar til notaskøyta.
Endo eg var heldig arbeid her på øyo soleis.
Men eg skal betale gjelda mi so snart eg får pengane til det.
Og so var det um du kan gjeva bror din, Lauritz, beskjed om her står 2 makrelldottar her framleis.
Tjerand Aske
Høyr Frode Sæbø fortelja: