Sjukeheim og seniorsenter i eitt?
Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg (Ap) lova i valkampen i 2005 at det skulle skina av eldreomsorga i Norge dersom partiet hans fekk fornya tillit ved det føreståande valet. Han lova samstundes 10.000 nye arbeidsplassar i pleie- og omsorgssektoren. Om det gjekk som han lova den gongen, er det ulike oppfatningar om i dag.
Uttalen til den dåverande statsministeren er i alle fall seinare sitert mange gonger i ulike samanhangar. Sjølv har eg minna lesarane på det i fleire lesarbrev her i avisa, og no i sommar dukkar sanneleg dei ambisiøse orda opp igjen i tankane mine. Bakgrunnen er at Kvinnherad kommune og dei folkevalde snart startar arbeidet med planlegging og realisering av ny, og heilt nødvendig sjukeheim på Husnes. Det er grundig dokumentert i media i lang tid. Eg håpar alle involverte vil ha Stoltenberg sine ord som ei rettesnor i arbeidet sitt, og la det «skina» av eit nytt Husnestun. Eller sagt med andre ord; la det nye byggjeprosjektet bli eit føredøme for andre.
Eg er ikkje fagleg kompetent til å ha noko meining om korleis eit nytt Husnestun bør utformast og innreiast. Ei heller veit eg noko om behovet for plassar tilpassa ulike brukargrupper, til dømes langtidsplassar, som søskena Hjelmeland etterlyste før sommarferien, utan at nokon har svara dei. Einaste eg veit og føler sterkt på, er at om eg i livets haust ikkje kan bu heime lenger, må ein eventuell ny bustad vera noko anna enn det eg fekk sjå med eigne augo då eg fleire gonger besøkte to vener på Husnestunet tidlegare i år. Det var ei trist oppleving, venteleg også for dei sjølve!
Eit kombinasjonsbygg
Slik eg har forstått både politikarar og kompetente fagfolk i kommunen, er det ikkje lenger diskusjon om kor ein ny sjukeheim på Husnes skal byggjast. Etter alle solemerke og politiske signal skal det skje på tomta til gamle Undarheim skule. Dette området er blant anna regulert til eit slikt føremål, er det opplyst, og dermed slepp ein fleire år att og fram med ein ny reguleringsplanprosess. Korleis tomta skal utnyttast vil koma fram etter kvart.
Frå den aktuelle tomta til Husnes sentrum er det relativ kort avstand, som er eit viktig moment når ein snakkar om leilegheiter for folk godt opp i åra. Det blei lagt stor vekt på dette då Seniorsenteret blei planlagt og bygt. Difor har eg tenkt tanken at kommunen no bør vurdera å byggja høvande leilegheiter for oppegåande og langt på veg friske menneske i tilknyting til den nye sjukeheimen, der dei kan leva sine eigne liv, som i Seniorsenteret. Men ein bør likevel så langt råd er unngå institusjonspreget.
Eit samarbeid med private utbyggjarar for denne delen av det nye Husnestunet, bør også diskuterast. Offentleg/privat samarbeid (OPS) har vore nytta før også her i Kvinnherad.
Som mange vil hugsa, tok Seniorgruppa i Frivilligsentralen i fjor haust initiativ til kartlegging av interessa for eit nytt seniorsenter på Husnes. Utan nokon særleg offensiv marknadsføring var det overraskande mange som den gongen viste interesse for eit slikt prosjekt. Diverre vart det ikkje noko av planane, mest på grunn av høge byggjekostnader og at leilegheitene dermed ville blitt for dyre for mange. Det tok ikkje den aktuelle utbyggjaren sjansen på. Kor vidt interessa for ein alternativ seniorleilegheit i nærleiken av ein ny sjukeheim er like stor i dag, veit vi ikkje noko om før det er undersøkt. Omsynet til behovet for kommunale langtidsplassar for eldre pleietrengjande må også takast med i desse vurderingane. Tomta, med flott utsikt mot fjella og Opsangervatnet er i alle fall noko av det finaste vi har på Husnes – og bør av den grunn vera ein attraktiv plass å bu. Kort veg til sentrum er det òg.
Dette prosjektet er det ikkje vanskeleg å få til å «skina», så sant planleggjarar og politikarar no verkeleg legg seg i selen for å få det til, utan for mykje byråkrati og partipolitikk! Så lytt til Stoltenberg sine gamle ord, godt folk, same kva vi meiner om den tidlegare statsministeren i dag!
Kristian Hus