Beste kyrkjehatten


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Eva Eide frå Ølve fortel om ein gong søstera hennar var svært sjuk med høg feber, og det vart ringt etter dokter. Haugen kom så raskt han kunne, og mor hennar skrytte over han fordi han kom, og for at han var så kjapp.

marie-noelle-loyaux-piftF3pll8E-unsplash.jpg

– Jeg kommer når det gjelder barn, var svaret før han gjekk i gang med undersøking og behandling. Då han var ferdig, var det full fart òg: 

– Farvel!

Han kom tilbake like fort som han fòr.

– Jeg glemte hatten, beste kirkehatten min, sa han som årsak til det.

Så var det full fart ut døra på nytt.

Forrige
Forrige

Uhell i skogen

Neste
Neste

Hushalderska Aslaug