Uhell i skogen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Ein kar frå Ølve hadde vore uheldig under skogsarbeid. Han hadde hogge seg i foten, og kuttet var så stygt at dei måtte ringa etter Haugen og be han koma. Dokteren var nettopp komen tilbake til kontoret i Rosendal etter eit legebesøk på Ølve då han fekk telefonen. Litt ilter svara han:

– Jeg har vært i Ølve. Jeg kom nettopp inn døren på kontoret!

Den skadde svara då at han kunne jo ikkje ringa før han hadde hogge seg.

Dermed vart det ein ny Ølves-tur på dokteren.  

alexei-scutari-lDxD39XF__I-unsplash.jpg
Forrige
Forrige

Middag på duken

Neste
Neste

Beste kyrkjehatten